Kristian Breivik Gjøen (16) er i sin andre sesong med bilcross kvalifisert for landsfinalen på Gol 30. juli. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kristian Breivik Gjøen (16) er i sin andre sesong med bilcross kvalifisert for landsfinalen på Gol 30. juli. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kristian kvalifisert til landsfinalen

Skal kappkøyra på Gol dagen før Norway Cup startar: Kristian Breivik Gjøen (16) har kvalifisert seg til årets store happening for bilcrossfolket.

Kjetil Vasby Bruarøy
28. juni 2016 - 8:57

Kristian Breivik Gjøen, som fyller 17 år til hausten, var i april berre ein hårsbreidd frå å nå målet. I klubbløpet på Eikås landa han på 7. plass, apoeng med 6. plass, som var godt nok til kvalifisering.

I mai kom han på 12. plass av 24 startande i første runde av vestlandsmeisterskapen, som gjekk i Vikedal. Denne helga var han tilbake i Vikedal, og då gjekk det betre.

– Dette var veldig kjekt! Landsfinalen er det store for bilcrossfolket, seier mekaniker og mentor, bestefar Håvard Gåssand.

Med heat-siger i innleiande rundar

I helga var det todagarsløp og til saman seks innleiande rundar. Kristian vann det eine heatet (seks bilar i kvart heat), tok to 2. plassar, to 3. plassar og éin 4. plass.

– Med 7. plass samanlagt var han kvalifisert for B-finalen. Der kom han på 3. plass.

I alt blei det 8. plass av 25 startande, men to av dei framfor han er kvalifisert til landsfinalen frå før, dermed tok Kristian den siste av seks plassar til landsfinalen.

Nest siste sjanse

– Siste sjanse til å kvalifisera seg er i Bø om to veker, så no slepp vi å ta den turen og kan konsentrera oss om å gjera oss klare til Gol laurdag 30. juli.

Kristian speler også fotball og skal også delta i Norway Cup, som startar dagen etter.

Storesøster Karoline køyrer neste NM-runde i rallycross helga etter landsfinalen. Då skal Starlet-en vera klar igjen etter noko trøbbel tidlegare i vår.

Midtsiden samleside: Motorsport

Les meir om

Sport Motorsport