Sport | 14. apr. 2016

– Kristoff, Paasche, Kaggestad og DagO2 kjem!

Dagleg leiar Roy Hegreberg i Tour des Fjords lovar ein fantastisk folkefest når sykkelrittet startar i Os 31. august. – Eg håpar osingane har lyst å vera med.

– Kristoff, Paasche, Kaggestad og DagO2 kjem!
Ordførar Terje Søviknes og dagleg leiar Roy Hegreberg i Tour des Fjords gler seg til folkeliv i Os onsdag 31. august (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 14. apr. 2016 09:59

Det er allereie klart at noregs største sykkelstjerna Alexander Kristoff står på startstreken når Tour des Fjord 2016 startar i Os onsdag 31. august.

– Allereie er 17 lag, mellom anna med Katusha og Alexander Kristoff, klare. I år har vi plass til 24 lag, tre fleire enn i fjor, og det er dei store internasjonale laga vi veks på.

– Alle dei store har ikkje stadfesta at dei kjem enno. Eitt av dei vi venter på er Team Dimension Data med Edvald Boasson Hagen. Edvald sine lag har vore med i alle år, så vi håper vi får dei med i år òg, fortel Hegreberg då Midtsiden møter han på Oseana.

I tillegg har dei 20 lag på venteliste og avtale om at Noreg kan stille med eit eige landslag beståande av dei av dei 12 utanlandsproffane som ikkje skal sykla for eige lag.

Snakk med stjernene

Torsdag var apparatet bak Tour des Fjord i Os for å møta kommunen sine representantar, bli kjend, sjå på omgivelsane og legge planane for korleis startarrangementet skal bli.

– Det som er klart er at starten blir i sentrum. Nøyaktig kor er ikkje bestemt enno. Løypa er lagt, men den nøytrale sonen kan vi framleis justera litt på.

– Det som er klart er at det blir eit barneløp i sentrum før proffrittet startar. Det vil vera ferdig ein time før proffane skal ut òg sykla. Då blir det, som i Tour des France, Flandern Rundt og dei andre store ritta, moglegheit til å møta rytterane, ta bileter med dei og få autografar.

– Speakar kjem til å henta opp kvart lag på scenen og presentera dei før dei skriv seg inn. Det er berre for osingane å møta opp og vera med på å skapa folkelivet vi har blitt kjend for. Syklistane set pris på det og gler seg stort over å møta publikum før start, fortel Hegreberg.

Stort sykkelsirkus

Det er ikkje eit lite sirkus som kjem til Os den siste dagen i august.

– Dette er ein strålande anledning til å få oppleva på nært hald kor mykje som ligg bak eit internasjonalt sykkel-løp. Kvart lag kjem med busser, lastebilar og masse folk for at syklistane skal prestera best mogleg. Det er ikkje berre følgjebilane ein ser på TV som står bak. Alt dette får osingane oppleva på nært hald.

– Os er forøvrig ein fantastisk plass å ha ei startetappe på. Det er intimt og bra, så her ligg alt tilrette for at publikum skal få koma tett på og vi skal få flotte TV-bilder, smiler Hegreberg.

Får dobbelt opp

Ikkje berre går startskotet i Os, men etter ei runde over Fanafjellet kjem syklistane tilbake gjennom Os før dei syklar i retning Bergen.

– Ein av spurtane er lagt til Os, så her blir det både mogleg å sjå syklistane i rolig start-tempo og i tøff kamp om spurtpoeng. Så håpar eg sjølvsagt at folk avsluttar dagen med å ta turen inn til Bergen og få med seg målgang og slutten i det som skal bli VM-løypene.

Vil skapa lokal aktivitet og engasjement

Hegreberg fortel at ein av tinga dei håper å få til med Tour des Fjords er å skapa engasjement og aktivitet lokalt.

– Ordføraren har sagt i møte i dag at dei skal setta standarden for ei startetappe i Tour des Fjords. Det håper eg verkeleg dei klarer og at skuler, barnehager, idrettslag og næringsliv blir med og promoterer bygda på best mogleg måte med plakatar, flagg og sykkelrelaterte ting i butikkane sine.

– Vi ønskjer med rittet å vera med på å skapa liv og røre på plassane vi vitjar. Dette er moglegheit for ei flott eksponering av osbygda, seier den daglege leiaren.

Dag Otto, Paasche og Kaggestad kjem

Hegreberg veit førebels ikkje kor mange land starten vil bli TV-sendt i, men lovar at det blir ein produksjon på høgde med dei ein ser frå Frankrike, Belgia og Nederland.

– TV2 stiller med Christian Paasche og Johann Kaggestad som kommentatorar og Dag Otto Lauritzen som utegåande reporter, akkurat som under Tour des France. Dette blir TV-underhaldning ein sjeldan ser frå ein såpass liten plass som Os, men som vanlegvis er forbehold store byer som Oslo og Bergen.

– Dei siste åra har vi sendt til 47, 52 og 65 land. Det kjem til å bli enno fleire i år, men alle avtalane er ikkje på plass enno. Med dei flotte omgivelsane som er i Os ligg alt tilrette for fantastiske TV-bilder og eit fantastisk arrangement, avsluttar ein engasjert Hegreberg medan han ser ut over Bjørnafjorden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.