Lokal | 23. juni 2019

Kubba mann, skiltkluss og bjeffande hund

Dette er tre av ei rekkje småsaker politiet har hatt i helga. I Hagavik vert det meldt om eit båt-mysterium.

Kubba mann, skiltkluss og bjeffande hund
Politiet melder om ei helg med ei rekkje småsaker i Os. (Ill.foto: KVB)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 23. juni 2019 08:52

Fredag kveld like før klokka ti fekk politiet ei bekymringsmelding om ein sovande mann i Os sentrum. Mannen, som er i tidleg i 40-åra, og definert som ein kjenning av politiet, sat og sov på ein av benkane ved bussterminalen.

Politipatruljen fekk vekt mannen, og etterkvart vart han køyrt heim til si eiga seng.

Natt til laurdag fekk politiet om eit skilt nær rundkøyringa ved Uno X. Skiltet var noko misvisande då det var opp ned og ikkje gav noko meining.

Politiet fortel at vegtrafikksentralen har fått melding, og at dei truleg vil sjå nærare på skiltet på måndag.

Kvinne slengd i bakken

I ti-tida i går kveld fekk politiet melding om høg musikk i Solstrandsvegen. Meldar hadde høyrt seg lei av timesvis med høg musikk frå ein av naboane. Politiet ba meldar ringa atttende om det ikkje hadde betra seg til klokka 23. Politiet høyrde ikkje noko meir i den saka.

Like før klokka halv ett kom det inn melding om slagsmål på parkeringsplassen mellom Peppes og Esso i Os sentrum. Det skal ha vore to jenter som knuffa seg i mellom, og ei av dei skal ha blitt kasta i bakken. Då politiet kom til staden hadde det heile roa seg, og det vart korkje sak eller nokon å intervjua.

Frå Skorvane fekk politiet melding om ein bjeffande hund i tre-tida i natt. Naboar var her òg lei av manglande nattesøvn.

Kven sin båt?

I løpet av helga har politiet fått melding om ei litt mystisk båt-sak i Hagavik;

I ein allereie utleigd båtplass har det dukka opp ein fritidsbåt som eigar av båtplassen ikkje kjenner til. Marinaen er i tillegg avlåst.

Ved operasjonssentralen til politiet kan dei i dag tidleg opplysa at politiet har sett på saka, men det så langt ikkje ser ut til å handla om ein stolen båt.

Båten sin eigar er funnen, men han skal ha opplyst at båten er tidlegare selt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.