Lokal | 19. apr. 2015

Kul lørdag

Midtsiden TV: Det blei full fart i gymsalen på Os barneskule då ungdomsklubben «Ung Lørdag» hadde opningsfest.

Ørjan Håland
Ørjan Hålandsøndag 19. apr. 2015 09:35

Med blant anna Fredrik Dahle Kristiansen, Hans Marius Johnsen og Eirik Søfteland på scenen fekk den nystarta ungdomsklubben «Ung Lørdag» ein knallstart.

– Dette er eit kult initiativ. Det er gøy å få stilla opp for Os og ungdommen i Os, helsa Eirik Søfteland før han gjekk på.

Bak ungdomsklubben står ungdommen sjølv, godt hjulpen av Øyvind Hægland og Anne Lyssand med fleire.

– Ein god stad å vera

– Det er lite å finna på i helgene for ungdom.

– Difor ville vi laga ein stad kor vi kan vera på laurdager.

– Også er det bra at artistane i Os blir med på det, seier Amalie og Andrea i arrangementskomiteen.

Med gratis pizza frå Peppes, kaker, brus, popkorn og sukkerspinn var det berre å slå seg laus.

Etter dei musikalske innslaga rigga ein om gymsalen med aktiviteter som bordtennis og triksing.

Nesten kvar laurdag

Ung Lørdag bruker gymnastikksalen til Os barneskule som klubblokale.

Grunna grunnlovsfeiring og langhelg blir det ikkje klubb 16. eller 23. mai, men elles er det aktivitet i gymsalen kvar laurdag frå opningsfesten 18. april til og med siste klubbkveld før sommarferien, 6. juni.

Videoreportar: Ørjan Håland, Midtsiden.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.