Lokal | 04. sep. 2012

Kuling og tungt regn i vente

Restane av stormen "Kirk" er på veg til Vestlandet. I Os blir det liten kuling og mykje nedbør i rykk og napp fram til laurdag.

Kuling og tungt regn i vente
Det er meldt liten kuling frå sørvest tysdag ettermiddag og kveld. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 04. sep. 2012 11:53

Det er opphaldsvêr og delvis skya på Os midt på dagen tysdag, men i ettermiddag skal det bli meir rufsete:

Det er meldt frå 11 til 13 m/s vind og over 10 mm nedbør er venta frå i ettermiddag av.

Vinden skal halda seg mellom frisk bris og liten kuling fram til onsdag formiddag, melder både Storm og Yr.

Onsdag skal bli ganske vindfull, men med mindre nedbør.

Torsdag kjem det meir nedbør, 13 mm trur Storm, 32 mm trur Yr.

Også helga blir våt, Storm trur på lite regn fredag og søndag, men 7 mm laurdag, Yr trur både fredag, laurdag og søndag får rundt 7 mm nedbør.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.