Kultur | 26. nov. 2011

Kult show på Allakten

VIDEO: Tre jenter og fire gutar stilte som modell då LOL heldt moteshow i ungdomsklubben.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 26. nov. 2011 17:36

– Det var nok ikkje alle som såg føre seg korleis det skulle fungera med moteshow her i ungdomsklubben, men eg synes det gjekk veldig bra, seier Kjetil Osablod Grønvigh frå kulturkontoret og klubben i Allaktivitetshuset.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Også kultursjef Lisbeth Axelsen var på plass torsdag kveld.

– Dette var artig og spesielt kjekt at det er ungdomen sjølv som viser kleda.

Sju modellar

Klubben og motebutikken LOL hadde ikkje problem med å finna modellar.

– Eg har gått før og fekk med meg kusina mi, Amalie Styrvoll, seier Julie Kopperud.

Tre jenter og fire gutar viste til saman sytten antrekk framfor over 30 betalande gjestar.

– Gjekk i pluss

Om kleda fenga veit vi ikkje, men blant publikum fann vi Ronja Heggland og Sandra Johansen, som synes dette om showet:

– Det var ein god idé og modellane var sexy!

Sistemann som betalte seg inn fekk ekstra mykje igjen for pengane.

Etter showet blei det nemleg trekt heile 14 premiar til dei 31 som hadde løyst billett., og sistemann inn vann gåverkort på 500 kroner.

– Dette er første av fleire komande arrangement i ungdomsklubben. Etter ein litt trong start har vi no funne vår form, og denne fine torsdagskvelden viser at ungdomen set pris på at vi gjer noko ekstra, seier klubbleiar Bulent Kartal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.