Kultur | 13. mars 2016

Kulturentreprenøren

Fredrik Schmidt Fotland har gått frå forlagsgründer til brødbakar og ølbryggar.

Kulturentreprenøren
Schmidt Fotland har endra fokus frå litteratur til øl, baking, blogging og arrangement. (Foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandsøndag 13. mars 2016 08:41

Etter nokre år i forlagsbransjen har Fotland kome til den erkjennelsen at det er ein vanskeleg marknad å koma inn på som liten aktør.

– Det var hardt arbeid, og dei administrative sidene ved å driva forlag stal tid frå det eg eigentleg ville. Å skriva bøker. Då dette gjekk opp for meg fann eg ut at eg heller ville gjera noko kjekkare. Så no går det i brødbaking og ølbrygging, kjem det med eit skeivt smil.

Feelgood-fokus

Fredrik er ein av dei som er oppteken av å fylla livet med meistring og gode dagar.

– Eg vil gjera ting som eg kan, og som eg trivst med. Fylla dagane med trivsel og gjera ein kvardag ut av det. Rett og slett ha feelgood-fokus så det held.

– Eg kallar meg jo kulturentreprenør, men kunne like gjere vore sosialentreprenør. Eg likar å få folk saman, få til gode samtalar og bringa trivsel og glede inn i liva til dei rundt med, og andre som kryssar min veg.

Kjekt å laga - kjekt å drikka

Siste tilskot under kulturentreprenør-paraplyen er ølbryggingsforedrag.

– Eg har drive litt på med ølbrygging både heime og på kontoret dei siste tre-fire åra. Og eg tykkjer det er like kjekt å bryggja som å drikka. Så fann eg ut at eg kunne godt holde foredrag og skipa til ølsmaking og slikt.

– Det er litt i vinden dette med å gjere ting frå botnen av - enten det er matlaging, ølbrygging eller baking. For 10 år sidan var eg elendig på kjøkkenet. Men med unger i hus så blir ein gjerne meir bevisste på dette med sunn og god mat, og at ein veit kva ein puttar i munnen. Og meistringskjensa er veldig god å kjenna på. Det bidreg til kvardagstrivsel.

Kortreist

Trenden som går tilbake til røtene og det ekte og opprinnelege har dei seinare åra bana veg for det kortreiste. Alt bør vera kortreist.

– Kanskje ikkje så bastant, men det har ført til eit større utval i butikkane, mikrobryggeri, lokalmat og bevisstgjering av kvar produkta kjem frå. Vi vil gjerne ha historia til det vi puttar i oss - nærast i 3D. Ned til kva gard den grisen, eller desse egga kjem frå.

– Brått er vi veldig opptekne av maten vi et, og dette gjev oss ekte matopplevingar som gjerne heng igjen hos oss. Vi er opptekne av kvalitet, og det luksus-samfunnet vi er i, gjev folk flest anledning til å vera opptekne av kortreist kvalitetsmat.

Kulturpappa

Kvardagslivet sine opp og nedturar, med alt frå brødbaking til nattevåk og boktips, blir dokumentert på Fredrik sin blogg med det fengjande namnet Kulturpappa.

– Det er litt ein sjølvpåtvungen gapestokk. Det er lett å gje seg på ting ein ikkje får til. Ved å gjera ting så offentleg som dette, tvingar ein seg sjølv til meistring. Men bloggen er mest for gøy, men noko eg håper å få gjera meir av. Gjerne få nokre inntekter på etterkvart.

Utanom blogging, brødbaking og ølbrygging sel Fredrik tenester på ulike vis.

– Eg kan vera prosjektleiar og tilretteleggjar for ulike kulturelle ting. Vera litt i kulissene på ulike typar arrangement og selskap. I tillegg til nybyrjarkurs i ølbrygging. Og eg tumlar alltid på med ulike idear!

Framleis bokorm

Fredrik har langt ifrå lagt pennen på hylla. For tida er han i gang med eit kanskje noko uvanleg bokprosjekt.

– Boka er faktisk om korpsmiljøet i Nordhordland. Det er heilt unikt og i verdsklasse, med to grisedyktige korps: Manger og Eikanger-Bjørsvik. I Nordhordland finn ein dessutan eit breidt korpsmiljø, samt nokon av dei beste skulekorpsa i landet. Dei verkeleg hevdar seg nasjonalt. Instrument-tettleiken der oppe er heilt unik!

– I boka ser eg med eit lite skråblikk på dette fenomenet og prøvar å finna ut kvifor det er slik? Er det noko i vatnet eller? Det er i alle fall eit spennande prosjekt å jobbe med!, avsluttar den entusiastiske kultur-/sosial-entreprenøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.