Lokal | 15. juli 2009

Kulturpartiet Frp

Frp, Os og Oseana får massiv omtale i Aftenposten i dag. - Samspelet mellom kommunen og private aktørar sikrar godt kulturarbeid, seier Terje Søviknes.

Kulturpartiet Frp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. juli 2009 11:33

Under overskrifta "Frp-kommunene er kulturvinnere" får Tønsberg og Os både framsida og ei dobbelside i dagens utgåve av Aftenposten.

- Dette er god reklame for Os og Oseana, seier ordførar Terje Søviknes (Frp) til midtsiden.no.

Avisa viser korleis Tønsberg og Os, begge med Frp-ordførarar, satsar på kultur og får skryt av det lokale kulturlivet. Frå Os er både kunstnar Arne Mæland, kultursjef Lisbeth Axelsen og festivalsjef for Osøren Blues & Jazzfestival, Gunnar Nagell Dahl, sitert.

Praksis ulik med teori
Ifølgje Aftenposten er Frp det einaste partiet som skriv at dei ikkje vil bruka fleire offentlege kroner på kultur, men i kommunane der Framstegspartiet styrer skjer det motsette. Både Søviknes i Tønsberg-ordførar Per Arne Olsen meiner Frp sin kulturpolitikk er misforstått.

- Frp sjølv kan ha noko av skulda, men først og fremst er andre debattantar med på å setja opp eit skremmebilde, seier Olsen til Aftenposten.

På spørsmål om bruk av kommunale pengar til kultur er god Frp-politikk, svarar Søviknes at han, så lenge det er i nært samarbeid med private, har eit heilt pragmatisk forhold til dette.

- Vi må hugsa at det til Oseana har kome inn nesten 75 millionar kroner frå næringsliv og private gjevarar. Det er ikkje berre Grieg Foundation som har vore rause, seier Søviknes til midtsiden.no.

Ikkje prestisje
Det nye symje- og badeanlegget Osbadet er saman med Oseana, som er under bygging, store kulturprosjekt reist i tida med Frp og Høgre bak roret. Motstandarar til Os Sjøfront sitt prosjekt, storstilt eigedomsutvikling Oseana-prosjektet blei avhengig av å godkjenna reguleringsplan for, har i lesarinnlegg hevda at kunst- og kultursenteret er eit prestisjeprosjekt for Søviknes.

Men er det "sjå kva vi fekk til"-faktoren som motiverer Frp til kulturengasjement?

- Vi har dessverre ikkje så mange kroner som vi burde hatt på budsjettet til lag og organisasjonar, men vi engasjerer oss så godt vi kan. Skulptursymposiet og Osøren Blues & Jazzfestival får støtte, og vi prøver å engasjera oss så godt vi kan i det øvrige kulturlivet - fordi vi meiner eit rikt kulturtilbod er ein viktig faktor for god livskvalitet for både ungar og vaksne, seier Terje til midtsiden.no.

Aftenposten viser dessutan til styrking av kulturskulen og auka kulturbudsjett frå 8,7 millionar i 2007 til 12,5 i 2008 og 13,5 i 2009.

Men framleis ligg Os langt under landssnittet på bruk av offentlege midlar til kultur, 2,8 prosent av driftsutgiftene mot landssnitt på 4,4. Os kommune brukar 829 kroner per innbyggjar på kultur, mot eit snitt i Noreg på 1568 kroner.

Fleire overraskingar?
Frp viser at dei ikkje lever opp til dårleg rykte når det gjeld kulturpolitikk. Kan vi venta oss overraskingar på det andre dei ikkje akkurat er rekna som spesielt sterke på: Miljø?

- Tanken har streifa meg, at dette kunne bli eit tema, og eg vil seia at vi også viser engasjement for godt miljøarbeid, og støttar gode tiltak når dei kjem, seier Søviknes.

- Oseana blir eit forbildeprosjekt når det gjeld energibruk, dessutan at Os som testkommune tatt godt imot nyvinninga avfallspressa, seier Os-ordføraren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.