Kultur | 19. jan. 2014

Kulturstipend til Eirik og Åsne

Eirik Søfteland og Åsne Takle Eide blei i dag tildelt Os kommune sitt kulturstipend, som no er dobbelt så stort som tidlegare år.

Kulturstipend til Eirik og Åsne
Eirkk Strønen Søfteland og Åsne Takle Eide vann Os kommune sin kulturpris for 2013. (Foto: KVB/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 19. jan. 2014 21:48

Musikar Eirik Strønen Søfteland (25) og fotballspelar Åsne Takle Eide (19) blei i dag tildelt Os kommune sin kulturpris for 2013.

Dei to prisvinnarane fekk 20.000 kroner kvar.

Os kommune delte ikkje ut pris for 2012. I mellomtida har vedtektene blitt endra, stipendet er no blitt dobbelt så stort, i tillegg blir det no delt ut til to.

Stipendet har blitt delt ut sidan 1982, først som kunstnarstipend, men frå 1986 også til idrettsutøvarar, med namnet kulturstipend.

Overraska vinnarar

Prisen blei delt ut under nyttårskonserten i Oseana søndag kveld, der Eirik var ein av vokalistane.

Medan Eirik blei overraska hadde Åsne fått veta om tildelinga frå før.

Fotballtalentet fekk ein telefon frå kultursjef Lisbeth Axelsen allereie i desember, og var på plass i salen med familie.

– Eg blei utruleg glad så det var vanskeleg å halda det hemmeleg, seier Åsne, som var midt i eksamensperiode då ho fekk veta at ho på nyåret ville bli 20.000 kroner rikare.

– Kjem godt med

Åsne er ein talentfull fotballspelar som blei henta til den leiande klubben innan damefotball i Hordaland våre før ho fylte 16 år.

Ho har vore med og vunne bronse i serien i seniorfotball to år på rad, tatt gull og sølv i NM for juniorar og spelt nærmare 20 landskampar med aldersbestemt landslag.

– Det er ein del utgifter når du er aktiv idrettsutøvar, ikkje minst med reising. I tillegg er det vanskeleg å få tid til deltidsjobb når du går på skule og trener mykje.

– Pengane kjem veldig godt med, seier Åsne nøgd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.