Kultur | 30. mai 2014

Kun for cowboyar

Countrymusikk, dans, rodeo-okse og kapp-eting: Hanne Catrine og Linda Andersen lager cowboyfest på bygrensa.

Kun for cowboyar
– Alle musikarane skulle vore med på bildet, men det var berre Steinar (t.v.) og Ine som turde, fortel Linda (midten). (Foto: Paul Inge Vikingstad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 30. mai 2014 20:40

– Folk har spurd etter det fleire gongar, og det høyrer vel med når du har ei kro som dette, seier Linda Andersen.

Ho og dottera held no på å organisera cowboyfest på amerika-inspirerte Er-An Veikro.

– Vi har naturlegvis livemusikk med handplukka band, og så har vi fått med både rodeo-okse som folk kan konkurrera på og få ein omgang dei seint vil gløyma.

Musikk og dans

Bandet består av Steinar Lyssand (gitar, vokal), Kim Gulbrandsen (piano), Einar Olson (trommer) og Helge Haugland (bass, vokal). Gjesteatistar er Ine Tumyr og Emil André Nordtveit.

– Festen går av stabelen laurdag 14. juni. Ei gruppe med linedansarar skal også koma og laga liv.

– Men ingen kjem inn utan cowboyhatt, og vi håper folk gjer litt ut av antrekket òg.

Kven kan eta mest kjøt?

For å setja ein ekstra amerikansk spiss på festen blir det ein aldri så liten ete-konkurranse.

– Eg har høyrd gjetord om Harald Lekven, både at han et krabbestø som andre et eple, og at han på eit restaurantbesøk i USA åt ein biff så stor at han vann ein til. Kokkane kom visst ut frå kjøkkenet og gjorde store auge då han etter to store biffar bestilte dessert.

Den robuste pensjonerte politimannen frå Thuen skal konkurrera mot ein annan fast gjest på Er-An Veikro, Nils Bruarøy, om kven som kan eta mest biff.

– Eg har utfordra begge og begge takka ja. Utruleg sporty, dette skal bli spennande! ler Linda.

– Kjøtet er sponsa av oss og Gilde, så det skal vera nok å ta av for dei to.

Les òg: Cowboy-bryllaup på Thuen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.