Sport | 19. okt. 2012

– Kunne fint ha fiska meir

Total fangst i Oselvo i 2012: Redusert fisketid og periodar med lite vatn gjorde at det totalt blei fiska eit halvt tonn mindre laks i forhold til i 2011.

– Kunne fint ha fiska meir
Carl Corneliussen med det som truleg blei årets største fisk til no, ein laks på 12,8 kg tatt i Kremretten 24. juli. Hugo Hjelle med laks på 11,8 og 5,0 kg tatt på Tøsdal (Kremretten) tidlegare på dagen. (Privat foto/prohd.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 19. okt. 2012 11:44

Grunneigar Olav Valle var torsdag kveld klar med fangsttala for Oselvo i årets sesong.

Med sesongstart så seint som 15. juli blei det berre to månadar med fiske, likevel blei det tatt til saman 913 kilo med laks.

– Dette er totalen av villaks, oppdrettslaks og laks som er sett ut igjen, fortel Valle.

I 2011-sesongen, som starta 1. juli, blei det tatt 1.550 kilo.

Så mange fisk blei det tatt av kvar storleik:

• Tert (under 3 kilo): 86 stk - 168,2 kilo
• 3 - 7 kilo: 96 stk - 451,7 kilo
• 7 kilo eller meir: 24 stk - 199,7 kilo
• Oppdrett: 22 stk - 48,2 kilo

Det blei ikkje fiska aure i år.

Først og størst

Årets Oskar gjekk til Tor Åge Thuen, som tok to laksar på opningsnatta, den første klokka 02.10, i Kremretten.

Den største laksen var det, etter det Midtsiden kjenner til, Carl Corneliussen som tok. Han fekk ein laks i Kremretten på 12,8 kilo 24. juli.

Slutten var best

Valle er, som grunneigarane var då fisketidene blei diskutert i vår, tydeleg på at sesongen burde ha starta tidlegare.

– Rapportar har vist at det har vore mykje yngel og alt tyder på at det har gått opp like mykje fisk som i fjor, viss ikkje meir.

Kjennarar av vassdraget registrerte oppgang av større laks rundt 15. mai. Store mengder laks gjekk opp i starten av juli.

– Vi gjekk heilt klart glipp av halve sesongen. Det beste fisket var siste veka i juli og dei tre siste vekene i september.

Vassmengda har mykje å seia

Nedbøren har mykje å seia i Oselvo, laksen bit dårleg mellom periodane når elva får påfyll.

I høgre marg ser du ein oversikt over vasstanden i Oselvo, målt på Røykenes, gjennom sesongen.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.