Lokal | 20. jan. 2015

– Kunne ikkje seia nei

Terje Søviknes (Frp) blir styremedlem for sykkel-VM, Bergen 2017 AS. – Det blir utfordrande og travelt, men utruleg spennande.

– Kunne ikkje seia nei
Terje Søviknes (Frp) er nyvald styremedlem for arrangøren av sykkel-VM, Bergen 2017 AS (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. jan. 2015 11:33

Måndag kveld blei det kjent at ordførar Terje Søviknes blir ein av seks styremedlemar i organisasjonen Bergen 2017 AS, som skal leia sykkel-VM trygt i hamn.

– Sykkel-VM er, slik eg har forstått det, det nest største idrettsarrangementet i verda etter sommar-OL.

– Med ei grunnleggande haldning om at eg seier ja om eg ikkje har gode grunner til å seie nei, så blei dette for fristande.

– Det er på mange måter ei "once in a lifetime"-oppleving.

– Eg kunne berre ikkje seie nei, smiler Søviknes.

Må rydda plass

Søviknes fortel at han måtte gå nokre rundar med seg sjølv før han takka ja til vervet.

– Etter at eg blei kontakta med spørsmål om eg kunne tenka meg oppgåva måtte eg ta litt tid til å tenkje meg om.

– Det er eit kjempeprosjekt som skal dras i land i løpet av dei to kommande åra. Det vil kreve mykje, også av styret.

– Eg må nok i samband med valet til hausten rydde unna eindel av dei mindre styreverva eg i dag, seier ordføraren.

Viktig for heile Noreg

Sjølv om Os ikkje er ein del av løypekartet, så ser Søviknes arrangementet som eit viktig arrangement for heile Bergensregionen, også Os.

– Det er klart at det å få auga retta mot seg på den måten gjev store moglegheiter.

– Sykkel-VM kjem til å setta preg på heile Bergensregionen i september 2017.

– Samstundes skal vi vera klar over at dette ikkje er eit meisterskap berre for Vestlandet, men for heile Noreg.

– Ute i verda er det sykkel-VM i Noreg, ikkje berre i Bergen og på Vestlandet.

– Norgesreklamen dette kan gi er viktig i det store bilete med tanke på reiseliv og liknande.

Ein politisk dimensjon

Søviknes, er saman med Mona Hellesnes (V) dei to einaste politikarane i styret.

– Mona var tungt inne i hovedorganisasjonen for søknaden om sykkel-VM på vegne av fylkeskommunen.

– Det at vi er lokalt forankra politisk trur eg har hatt ein viktig dimensjon då eg blei spurt. At eg har erfaring både frå fylkespolitikk og kommunalpolitikk har nok vore med i vurderingane.

– I tillegg trur eg balasten eg har med frå prosjektorganisasjonar som bygginga av Oseana og Osbadet, og anna styrearbeid blir nyttig erfaring å ha med seg.

– Heilheiten i styret tykkjer eg ser bra ut. No har eg berre lese CVane til dei andre, men eg trur det blir eit godt styre.

– Det gjer vel heller ikkje noko at du har ei sentral rolle i eitt av regjeringspartia heller?

– He, he, tanken har jo slått meg.

– Noko av det viktigste styret skal gjera er jo å sørgje for inntekter, marknadsføring, helde kontroll over utgiftene og skapa entusiasme saman med resten av VM-organisasjonen, avsluttar ein entusiastisk Terje Søviknes.

Disse utgjer styret i Bergen 2017 AS:

  • Mona Hellesnes, Venstre-politiker
  • Terje Søviknes, ordfører i Os (Frp)
  • Tore Hordnes, friidrettsleder
  • Hans Petter Gulbrandsen, sykkelleder
  • Yvonne Hetlevik, næringslivsleder
  • Svein Aage Valen, advokat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.