Kunst og demens

Tilrettelagd omvisning

Mennesket og menneskefiguren sett gjennom bilete i Griegsamlingen
 
Omvisningane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen forkunnskap, og omvisningane blir spesielt tilrettelagde for dei påmeldte. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar og assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggeleg prat. 
 
Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 24. januar. Begrensa antall plassar, fri inngang.
Omvisninga varer til 13:30, og er eit samarbeid med Os kommune og med tilskot frå Os kulturelle spaserstokk.
 
Facebookarrangement
 
 

Mandag, januar 28, 2019 - 11:30