Kunst og demens

Tilrettelagd omvisning

Nikolai Astrup og kunsten hans framfor nokre av måleria i Griegsamlingen.
 
Omvisningane er gratis og eit tilbod til menneske med demens med følgjeperson. Ein treng ingen forkunnskap, og omvisningane blir spesielt tilrettelagde for dei påmelde. Alle får sitjeplassar ved kunstverka, og erfarne formidlarar syter for ein open samtale der alle kan bidra med eigne tankar g assosiasjonar. Vi avsluttar med kaffi og ein hyggeleg prat.
 
Varar til 13:30.
Påmelding til evelyn@oseana.no seinast torsdag 28. mars. Avgrensa plassar.
 
I samarbeid med Os kommune, og meg tilskot frå Os kulturelle spaserstokk.
 
Facebookarrangement

Mandag, april 1, 2019 - 11:30