Kultur | 27. nov. 2019

Kunst og kultur gjer oss til betre menneske!

Lesarbrev: Kulturens relevans i ny kommune.

Kunst og kultur gjer oss til betre menneske!
Ole Tobias Lindeberg. (Arkivfoto: AH)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. nov. 2019 08:23

I samband med ny kommunestruktur og eit auka fokus på kostnadar, kjem her nokre tankar om kunsten og kulturens relevans i den nye kommunen vår.

Det er mi tru at kunst og kultur gjer oss til betre folk, den utviklar kjenslene og det emosjonelle i oss.

Kulturen sin eigenart har mange funksjonar, men ein reflekterer kanskje ikke så mykje over kva den betyr for oss i det daglege. Klarer vi eit augeblikk å sjå føre oss at den ikkje var der? Ingen kulturtilbod til barna våre, færre møteplassar, ingen konsertar, teater eller kinoframsyningar, ingen dans, inga utsmykking i det offentlege rom, ingen bibliotek eller musikkensemble, ingen middagar med satiriske humorinnslag.

Kanskje tek vi kunsten og kulturen vi omgjer oss med, litt for gitt?

Vi treng å bli utfordra for å utvikle oss. Her spelar kunst- og kulturuttrykk ei viktig rolle. Som mottakar eller publikummar kan ein vere einig eller ueinig. Ein kan gjerne la seg provosera, men er sjeldan likegyldig. Kunstneriske uttrykk, uansett om det er film, teater, musikk eller dans er med på å utfordre normene i samfunnet, det gjev oss annleisheit og set ting på spissen. Dei er med på å gje oss ytringar som igjen er med på å halda fast i ytringsfridomen. Dei gongane den blir utfordra blir det heldigvis bråk.

Oseana er eit profesjonelt drive kultursenter kor kulturskulen, og deira tilsette er viktige bidragsytarar. Kulturskulepedagogane er viktige fordi dei er det profesjonelle navet i kommunen sitt kunst- og kulturliv.

Bjørnafjorden har ikkje mange profesjonelle kunstnarar, vi skulle ønskje oss fleire! Eg tenkjer det er viktig å definere forskjellen på profesjonell kultur og frivilligheita eller amatørkulturen. Dei profesjonelle er med å undervise og inspirere både frivilligheit og amatørkultur. Dess betre ein blir, dess gøyare er det. Varga Dansecompani, med framsyninga «Fjør i Hatten», er eit typisk eksempel på korleis danselærar Patricia Langeland bidreg breitt i kulturlivet i kommunen, med kulturskulen som base.

At kommunen har inkludert musikkpedagogane i kulturskulen til også å jobbe inn mot grunnskulen med Oseana sine konsert- og kunstproduksjonar, er også ein synergi av våre to institusjonar. Ønskje er å bidra til å styrke dei estetiske faga i grunnskulen.

Det å drive ein kunst- og kulturinstitusjon er kostbart. Billettinntektene dekkjer vanlegvis berre ein brøkdel av kva både eit symfoniorkester, teater eller operahus kostar å drifte.

Opera er det nest dyraste etter krig, brukte den tidlegare operasjefen i Bergen og seie. Det skal ikkje, og kan ikkje vere lønsamt i økonomisk forstand. Dette er institusjonar som har betydeleg statleg støtte fordi det har ein eigenverdi i samfunnet vårt. Vi ser på kunsten og kulturen som ein essensiell og viktig verdi, og den tek difor imot betydeleg støtte over statsbudsjettet. Det same gjer biblioteka. Dette gjeld ikkje berre i Noreg, men i store delar av EU.

Kulturhusets driftsmodell:

Oseana, og andre norske kulturhus, har ein annan driftsmodell en de store kulturinstitusjonane. Vi har inga statleg eller fylkeskommunal driftsstøtte, men blir finansiert gjennom eigen inntening på sal av billettar, midlar frå sponsorar og bidrag fra våre eigarar (for Oseana er dette Os kommune). Oseana sine faste inntekter er lokalleige frå kulturskulen og ein kompensasjon frå kommunen slik at alle lokale lag og organisasjonar får 50 % reduksjon i leigeprisane.

I tillegg kjem direkte driftstøtte som utgjer ca 15 % av omsetninga. I motsetnad til dei profesjonelt drivne kunst- og kulturinstitusjonane mottek altså ikkje Oseana ei einaste krone i offentleg støtte til å produsere kulturinnhald for. Som utgangspunkt må vi tene pengar på alt vi gjer. Realiteta er ikkje heilt slik, fordi vi søkjer prosjektstøtte frå til dømes Norsk Kulturråd og andre fond til å finansiere delar av innhaldet vårt. Det som er interessant er kor mykje aktivitet eit kulturhus skapar med relativt begrensa ressursar. Vi blir som ein kulturell katalysator.

Kunne vi ikkje berre hatt innhald som vi tente pengar på?

Det kommersielle er fint, men har ein berre det, kan det bli lite utviklande og kjedeleg. Tenk om einaste alternativet ditt på TV var kommersielle kanalar med mykje reklame? Difor har vi ein lisensbasert statskanal som bidreg til å utvikle nye konsept. Poenget er at eit lokalt kultursenter ikkje berre kan vise det «alle» vil ha. Vi må også ha ei breidde for ulike grupper i samfunnet, ulik alder, ulik genre, samt det som nokon kallar det smale eller det mange ikkje visste dei ville ha.

Eg synes Festspillene i Bergen seier det godt når dei har delt programmet sitt inn i kategoriane: «Fornøyelse, Forstyrrelse og Forbindelse».

Dersom ein skal basere alt innhald på kommersielt grunnlag vil det også ha innverknad på billettprisane. For at kulturhuset vårt skal bli allemannseige strebar vi etter å halde prisane på eit moderat nivå. Vi ønskjer oss at flest mogleg skal kunne delta. Griegsamlingen og alle kunstarrangementa våre er alltid gratis av same grunn. Oseana er også oppteken av å løfta fram gode initiativ og prosjekt, og vi seier aldri nei til lokale arrangørar fordi dei ikkje har eigenkapital eller kan ta økonomisk risiko. Er prosjektet godt og passar inn, er det alltid moglegheiter.

Oseana si viktigaste oppgåve er å sørgje for at innbyggjarane i Bjørnafjorden får oppleve og ta del i gode kunst- og kulturopplevingar, både med nasjonale og lokale aktører. Vi har eit høgt aktivitetsnivå og ein filosofi om å utnytte innhaldet i huset på flest moglege område. Vi kallar det formidlingsarrangement - skulekonsertar, ulike seniorarrangement, digital overføring til sjukeheimar, eigne prosjekt for dei som har demens, verkstader for barn, og kunstklubb for å nemne noko. At vi har ein profesjonell stab på huset og gode samarbeidspartnarar i næringsliv, samt ulike fond som støttar oss, gjer at vi kan få til desse synergiprosjekta innafor dei eksisterande rammene.

Eit kulturhus skal vere ein stad der menneske finn saman.

Vi oppheld oss mykje på skule, jobb og heime. Den tredje staden vi oppheld oss er gjerne på aktivitetar, kafear, konsertar mm. Dette blir gjerne beskrive som «Det tredje rommet». Her spelar kulturen ei viktig rolle, anten det er gjennom mat, kunst, kino eller konsertar. Livet blir rikare dersom vi har gode møteplassar kor vi kan ha gode samtalar og refleksjon i felleskap.

Oppsummeringa blir at det økonomiske fundamentet frå Bjørnafjorden kommune legg grunnlaget for at Oseana kan tilby eit rikt og breitt kulturtilbod til flest mogleg. Vi skal halde fram med å utvikle seg til beste for innbyggjarane i ny kommune. Det er difor viktig for oss å forklare og understreke kor mykje bra kulturkapital ein får for avgrensa midlar gjennom organiseringa i kommunens kulturelle storstove!

Ole Tobias Lindeberg
Oseana Kunst og Kultursenter

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.