Marcela Romagnoli fekk tidleg sans for å jobba i tre, og fortel om god tilgang på emne i Sør-Chile, der ho kjem frå. (Foto: Lilly Grønvigh)

Kunstnerisk diversitet og integritet i Vognhallen

I to tiår har skulptørar frå alle verdas kantar skapt og vist fram sine unike verk.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Tekst og foto: Lilly Grønvigh

Os Skulptursymposium feirar 20 år - med to sympoisum - denne sommaren. Det første er snart over.

Midtsiden har snakka med både kunstnar og arrangør, og fått eit innblikk i kva som skjer i Vognhallen.

Internasjonal lunsj

I Vognhallen kjem vi til eit fullpakka lokale: skulptørane har lunsj. Det blir prata fleire språk rundt borda.

Berre 2 av årets 12 skulptørar er norske. Fleire av dei andre har reist langt, frå blant anna Japan, Uruguay og Australia, for å vera her.

Marmor og tre

Ei som verkelig har lagt bak seg eit stykke reiseveg er Marcela Romagnoli.

Ho er frå Chile, og fortel at ho byrja som skulptør samtidig som ho i 1987 blei student på universitetet. Ho likte tidleg å kombinera ulike materialar, men endte opp med treverk som favoritt.

– Eg elskar å skjera ut tre, spesielt frå ei stor blokk, seier Romagnoli.  

– Tilgangen på gode emneer veldig bra i Sør-Chile, legg ho til.

Seinare ville ho bli betre kjent med marmor.

Å jobba med ein idé

Om kvifor ho fleire gongar har kome til Os fortel ho at ho møtte Arne Mæland då ho skulle kjøpa verktøy.

– «Kven er du?», spurde han. Så blei eg invitert til symposiet i 2001.

No er ho i Noreg for sjuande gong. Det har blitt fem symposium i Os og eit lite symposium i Oslo, i tillegg til at ho har deltatt i å skapa ein bronseskulptur til Os kommune.

Ho liker godt å jobba i Os. Sjølv om tida skulptørane har på seg er knapp, liker ho måten å arbeida på.

– Eg har ingen plan. Eg jobbar med ein idé, og synest det er enklare å skapa etterkvart som du jobbar.

Mangfald og integritet

I år lagar ho ei gruppe med skulpturar. Sånn ho tolkar det er det fire menneske som delar noko.

har ho laga en gruppe med statuer. Slik hun tolker det, er det 4 mennesker som deler noe. 

– Dei er alle ulike, nokre mindre, nokre større. Fleire i ulike materialar. Dei deler alle noko; diversitet og integritet, forklarer Marcela.

I harmoni

Arne Mæland er veldig nøgd med årets symposium. 

– Årsakene er fleire. Her har vi det allsidige, vi har dyktige kunstnarar, og vi har folk som harmonerer godt og hjelper kvarandre.

– Det er fint å vera saman med så flotte folk!

Å finna ein favoritt, synest han er vanskeleg.

– Så langt er ikkje uttrykka heilt ferdige. Men eg synest det er spennande at det i år òg blir jobba i tre.

Sjølv har Mæland fleire av kunstnarane sine verk i si eiga samling, blant anna av egyptiske Naguib Moein.

– Det er vanskeleg å stoppa å jubla

I nesten to veker har kunstnarane jobba, kvar for seg og saman.

– Det har gått veldig fint, og eg er veldig nøgd med vêret vi har hatt. Gjestane våre er òg begeitra for folket og naturen i Os.

Kunstnarane bur hos vertsfamiliar. Desse har tatt gjestane med på ulike aktivitetar.

– Dei kjem oppglødde tilbake. Både for oss arrangørar og for skulptørane er det vanskeleg å stoppa å jubla, seier Møland.

– Kvifor er det viktig med eit symposium?

– Det er alltid kjekt når det skjer noko om sommaren. Her får vestlendinga møta kunstnarane, og følgja arbeidet, og kunstnarane får møta vestlendingane og kvarandre.

– Det er vakre band som blir danna mellom folk, kunstnarar og arrangørar.

Årets kunstnarar

Anne Karin Krogevoll (Noreg) 

Rune Hjermann (Noreg)

Boutros Romhein (Syria) 

Elena Saracino (Italia) 

Petre Mogosanu (Romania) 

Marton Varo (Ungarn) 

Naguib Moein (Egypt) 

Gissella Garcia (Uruguay) 

Flavia Robalo (Argentina) 

Marcela Romagnoli (Chile) 

Isao Sugiyama (Japan) 

Jacob Cartwright (Australia) 

Laurdag er det trekning, då får alle årets kjøparar veta kva skulptur dei får.

Fleire saker