Kuppa KUP-midlane
To aksjeselskap stakk av med 30 prosent av formannskapet sin million til frivillige lag. Byr det på problem?
I førre veke delte Os formannskap ut sin årlege million kroner til ulike kulturutvikling-prosjekt (KUP) i kommunen.
Les òg: Desse får midlar
Ulike lag, organisasjonar, firma og enkeltpersonar hadde søkt om til saman 3,6 millionar kroner.
Midlane skal gå til konkrete prosjekt, ikkje til generell drift.
Nokre fekk ingenting, andre fekk 5000, 10.000 eller 15.000, eller 75.000 kroner eller meir.
• Os Bygg og Eigedom AS, som gjekk med 8 millionar kroner i overskot i 2012, fekk 100.000 kroner til «Os Open», eit prosjekt med gratis utlån av ledige lokale i Os sentrum.
• Osfest AS fekk 200.000 kroner. Saman med 100.000 løyvd i fjor har Osfest, før første band har gått på scenen, fått like mykje som storebror Tysnesfest får i kommunal støtte i år, og meir enn for eksempel Søfteland Rock N LOL fekk, til saman, på sju år med festival.
– Arbeidskrevjande med utlån
Espen Aspenes (Frp) stilte seg i formannskapet spørjande til at Os Bygg og Eigedom søkte om støtte, og lurde på om desse ikkje var i kondisjon til å ta denne kostnaden sjølv.
– Ideen om å tilby ledige lokale til små og store lag og organisasjonar, for å vera med på å skapa liv i Os sentrum, kom frå ein av våre tilsette medan vi åt lunsj.
– Ambisjonen er både å låne vekk eigne lokale, at mange ulike grupper kan ha glede av dette, og å koordinera eit opplegg der andre som har eigedom i sentrum gjer det same, fortel dagleg leiar Ottar Randa.
Os Bygg og Eigedom søkte også om midlar i haust, men då fekk dei avslag.
– Prosjektet handlar om meir enn å opna eit tomt lokale. Vi har innreia i Oshjørnet med nytt golv og eit musikkanlegg. Og viktigast er arbeidstida vi bruker på dette, på å ta imot bestillingar av lokalet og ordna alt praktisk sånn at «Os Open» fungerer. Midlane vi får er med på å finansiera dette, som til slutt kjem mange ulike grupper til gode, fortel Randa.
God støtte
Osfest har blitt veldig godt mottatt i bygda, med over 300 frivillige på plass, godt med sponsorar og sal av gruppebillettar til firma – og med solid støtte frå Os kommune.
I tillegg til 300.000 i midlar har kommunen, som under Osøren Blues & Jazzfestival, kjøpt eit av cruisa med MS Midthordland.
– Vi ligg bra an og har rundt 800.000 kroner inn allereie. Og det er bra, for det er ein del utgifter og artistar som skal ha delbetaling på førehand, seier styreleiar i Osfest, Tor Egil Hylland.
– Etter at Osøren Blues & Jazzfestival og Søfteland Rock N LOL begge la ned i fjor, føler eg at folk er glade for at vi fyller tomrommet desse etterlet seg.
– Då er det kjekt at oppslutnaden er god også økonomisk, spesielt dette første året, før vi har fått bygd oss opp kapital.
Grei selskapsform?
Osfest er organisert som aksjeselskap, ikkje som stifting. Hylland og Ole Reinert Berg-Olsen eig 50 prosent kvar av selskapet.
– I praksis er det som ei stifting, då vi har i vedtektene at vi ikkje kan ta utbyte frå Osfest AS, som er vanleg i aksjeselskap med ideell drift som formål.
– Årsakene til at vi, som fleire andre festivalar, valte aksjeselskap er fleire. Lågare risiko og lågare krav til eigenkapital er blant dei.
– Vi har også fått anbefalt av fleire med lang erfaring å stifta AS, og høyrd med Norsk kulturråd, som stadfestar at AS som form ikkje er eit hinder for å søkja dei om støtte, fortel Hylland.