Kultur | 10. feb. 2015

Kurt og Gabrielle kjem til Os

6 av 10 artistar og band er no på plass til årets Osfest. Kven skal spela fredag og kven er på scenen laurdag?

Kurt og Gabrielle kjem til Os
Kurt Nilsen og Gabrielle. (Foto av Gabrielle: Stig Heltorp)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. feb. 2015 20:02

På fest for dei frivillige i oktober serverte Osfest dei første namna til festivalen i 2015, Elvira Nikolaisen og Monica Heldal.

I desember blei det klart at også Elg og deLillos kjem til Osfest i år, og i dag slepp festivalen to nye namn;

Kurt Nilsen og Gabrielle kjem til Os den første helga i august!

– Vi er utruleg nøgd med å ha fått begge desse sterke bergensartistane til Os.

– Kurt er ein av Noregs største musikarar og Gabrielle har nesten noko magisk over seg, eit særpreg og ein stil som appellerer til alle, men som vi trur kan gjera Osfest ekstra attraktiv for dei yngre, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Den einaste sommarkonserten i Hordaland

Kurt Nilsen (36) blei kjent over heile Noreg då han vann den første Idol-sesongen i Noreg, Idol 2003. Han vann også World Idol i desember same år.

Den tidlegare Fenrik Lane-vokalisten har seinare gjeve ut seks album i tillegg til eit LIVE-album og to Hallelujah-plater saman med dei nye gitarkameratane.

– Det er ekstra kjekt at dette er den einaste konserten Kurt skal gjera i Hordaland denne sommaren, seier Ole Reinert, som sjølv har spelt inn eit av sine album i hytta til Nilsen.

Publikum ba om Gabrielle

Gabrielle Leithaug (30), best kjent på fornamn, var i semifinalen i Idol i 2006 og hamna på 7. plass i X-faktor før ho i 2011lanserte slageren «Ring meg», som kom på førsteplass på VG-lista og på iTunes.

Låta «5 fine frøkner» frå 2014 blei nominert til årets hit under Spellemannprisen.

– Vi har spurd på facebook kven osingane og resten av publikumet vårt vil ha på scenen under Osfest, og Kurt og Gabrielle skilte seg ut i positiv retning.

– Etter tallause rop frå ungdomen i bygda er dei ei stor glede å setja Gabrielle på plakaten til Osfest 2015, seier ORBO.

Tre fredag, tre laurdag

Osfest har no lansert 6 av dei 10 artistane som skal spela på hovudscenen under Osfest i år, 3 per dag.

Fredag 31. juli:
Gabrielle
Elvira Nicolaysen
Elg

Laurdag 1. august:
Monica Heldal
deLillos
Kurt Nilsen

Nye namn skal sleppast i mars og på frivilligfest i april.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.