Kurt'n til nyttårsfest
Siste band til Osfest sin vesle nyttårsaftan-fest er klar.
Frå før har det vore klart at Gunslingers og Ferdamann skal spela på Osfest sin lille nyttårsaftenfest i Nore Neset Aktivitetshus.
No er det klart at det blir ein lokal helt som skal starta heile ballet.
– Kurt Røttingen Band er klar for vesle nyttårsaftan-festen på Nore Neset. Han startar festen klokka 21, fortel Tor Egil Hylland.
Frå Kleppevik til Springsteen
Kurt Røttingen Band er eit band frå Os som blei danna i 2010 og har hatt forskjellige lokale medlemmer sidan då.
Bandet speler hovudsakeleg coverlåtar i eit vidt spekter, fra Johannes Kleppevik, Gasolin’, Springsteen, Neil Young og mykje annet .
Bandet har spelt på diverse puber og ungdomshus, og ei rekke private arrangement. Kjente festlåter og allsang blir det ofte!
God billettsalg
Dette er tredje året Osfest inviterer til fest lille nyttårsaften.
– Etter at vi gjekk ut med Gunslingers og Ferdamann har billettsalet vore bra. Festen held fram frå Kurt'n går på scene og fram til klokka to om natta, avslutter Hylland.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.