Lokal | 01. des. 2014

Kva blir det "nye" Os?

Spørjeundersøking: Skal vi slå oss saman med nabokommunane eller stå åleine? No kan du seia di meining om kommunereforma.

Kva blir det "nye" Os?
No kan du vera med å si di meining om ei eventuell kommunesamanslåing (foto: AH)
Andris Hamremåndag 01. des. 2014 12:35

Politikarane er usikre på kva veg kommunen skal gå i høve kommunereforma og eventuell samanslåing med nabokommunar. I møte med fylkesmann Lars Sponheim i førre veke var det fleire av dei som etterlyste osingane si meining om kva ein burde gjera.

Midtsiden tar på seg oppgåva og lanserer her ei uformell undersøking kor vi spør kva du meinar om kommunesamanslåing.

Undersøkinga finn du her (blir opna i nytt vindauge)

Kva er viktig å tenkja på?

Bør vi slå oss saman med nabokommunane eller klarer vi oss best åleine?

Uavhengig av kva du meiner, vil vi òg høyra kva du synest er viktig at politikarane tar omsyn til når dei skal jobba vidare med spørsmålet.

Undersøkinga tar berre eit par minutt, litt avhengig av standpunktet ditt får du frå tre til seks spørsmål.

Resultata frå undersøkinga vil bli publisert på Midtsiden i veke 51.

Undersøkinga er laga ved hjelp av Google Skjemaer. Du finn den her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.