Lokal | 31. aug. 2018

– Kva er det du har undervurdert?

I dag blei Terje Søviknes «gitt avskjed i nåde».

– Kva er det du har undervurdert?
Her blir Terje Søviknes og Ketil Solvik-Olsen takka av. (Skjermskot, regjeringen.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. aug. 2018 10:41

I går skreiv Dagens Næringsliv at olje- og energiminister Terje Søviknes (Frp) var på veg ut av regjering.

– Eg har ingen kommentar i dag, skreiv Søviknes til Midtsiden i ei tekstmelding.

I dag blei det stadfesta. Ketil Solvik-Olsen (Frp) blir erstatta av Jon Georg Dale som samferdsleminister, Kjell-Børge Freiberg blir ny olje- og energiminister.

– Dei er gitt avskjed i nåde av kongen i statsråd, seier statsminister Erna Solberg (H) i ei direktesendt pressekonferanse som starta klokka 11.45 i dag.

Sjå sendinga på regjeringen.no

– Trygg styring i ei krevjande tid

Statsministeren takka Søviknes for jobben har har utført sidan desember 2016.

– Du har hatt ei trygg styring av departementet i ein periode som har vore krevjande for olje og gassnæringa. Her har du lagt til rette for høgt produksjonsnivå, noko som har vore avgjerande for framtida til bransjen, seier Solberg.

Ho gav òg ros for satsinga på forsking og innovasjon, og opptrappinga av satsinga på fornybar energi.

– Det blir sikkert godt for Os å få deg tilbake, men vi i regjeringa kjem til å sakna deg.

Med tungt hjarte

– Det er med tungt hjarte, men eg er trygg på at det er rett avgjerd, sa Terje då han takka for seg.

Hovudårsaka til at han vil heim til Os, er for å få meir tid med familien, ikkje minst dei to borna på 11 og 14 år. I tillegg vil han heim og jobba med kommunesamanslåing og førebu seg på valkampen i 2019.

– Det har vore nesten to år, og det har vore to fantastiske år å jobba med og for ein bransje så er så viktig for velferda vår.

Når Søviknes går av er produksjonen av olje- og gass på rekordhøgt nivå, og utbygging av fornybar energi på sitt høgaste på 25 år.

– Vi har kanskje lett for å ta dette med energi for gitt, mens det ute i verda er store utfordringar. Noreg er eit lite land, men vi er ein energinasjon, og ein nasjon som har ei stemme også internasjonalt.

– Du hadde vel plan om meir enn 20 månadar?

Blant spørsmåla frå rikspressen var det eit som handla om kva som var forskjellen på forventing og oppleving av å sitja i regjering.

– Då du takka ja til å bli statsråd var vel planen å sitja i meir enn 20 månadar. Kva er det du har undervurdert?

– Ja, planen var å sitja i meir enn 20 månadar. Men det har vore meir krevjande enn venta å få kabalen til å gå opp med familien heime.

– Sjølv om ekskona mi har vore fantastisk i denne perioden, har det å sjå ungane berre annakvar helg vore for sjeldan, sa Søviknes.

Solberg kom med forståelsesfulle ord.

– Vi har sett det hos fleire menn som har sete i regjering. Sjølv om dei har trivst godt og gjort ein god jobb, har det vore vanskeleg for dei som har familie som ikkje bur i Oslo.

– Å vera statråd er ikkje ni til fire, det er sju dagar i veka, og det er uforutsigbart, sa statsministeren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.