Lokal | 13. juni 2017

Kva er mogleg austom?

Os kommune får 150 000 kroner frå fylkeskommunen for å gjennomføra moglegheitsstudie for området på austsida av Oselvo.

Kva er mogleg austom?
Kva er mogleg av fortetting og uteromsløysingar på austsida av Oselvo? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 13. juni 2017 08:59

Som ein del av områdeplanen for sentrum ønskjer Os kommune å sjå på kva som er moglegheitane på andre sida av elvo i høve Osøyro. I samband med det har kommunen søkt Hordaland Fylkeskommune om tilskot til gjennomføring av ein moglegheitsstudie.

– Kommunen ønsker å sikre at kunnskapsgrunnlaget for sentrumsplanen heldt høgt fagleg nivå. Samstundes ser ein at det er behov for ein samlande visjon for utviklinga av Osøyro- eit planmessig hovudgrep som inspirerer gunneigarar, næringsdrivande, bebuarar, lag og foreningar og osingar flest til å dra i same retning.

Størst transformasjon

Bakgrunnen for søknaden er mellom anna at nedre del av Oselva og Finnebrekka aust om elva er den delen av sentrumsområdet som truleg vil gå gjennom den største transformasjon.

– Denne delen av sentrumsområdet på Osøyro egner seg godt som eit sentrumsområde med vekt på bustad. Studien skal vise begrensningar og utfordringar og bringe fram ein bredde av muligheter, alternativer og plangrep, heiter det i søknaden.

Tre parallelloppdrag

Os kommune ønskjer å gjennomføre mulighetsstudien som eit eksternt parallelloppdrag, der 3 rådgjevarmiljø arbeidet parallelt med litt ulike bestillingar, då kommunen ikkje sjølv har tid eller ressursar nok til å gjere dette sjølv i løpet av 2017.

– Mulighetsstudiene skal vise alternative grader av tetthet, typologier og felles- offentlege- private uteromsløysingar. Vi kjem og til å legge vekt på prosess, og løysingane skal vurderast med tanke på gjennomføring i eit område med mange, mindre, private eiegdomar der utviklinga vil skje gradvis og over tid i regi av fleire ulike aktørar.

– Mulighetsstudia skal belyse korleis vi kan snu elva frå å vere ei bakside til å bli ein ressurs for regiosenterutviklinga og bustadområdet Finnebrekka, og der verdiar knytt til kulturminne, landskap og biologisk mangfold vert styrande for utviklinga av vassrommet og elvebreddene.

Vil læra frå Os, løyver 150 000

– Det er positivt at kommunen gjennom områdereguleringa vil legge til rette for sentrumsnære bustader. Bustader i sentrum kan gi auka folkeliv gjennom døgeret, og kan bidra til å skape eit betre økonomisk grunnlag for butikkar, tenester og opplevings-tilbod. Bustader er noko av det viktigaste når det gjeld tryggleik i sentrum. Det er stor grunn til å utnytte fortettingspotensialet i sentrum fullt ut også for å minske transportbehovet.

– Kvalitet i bustadområde er meir utfordrande i sentrum enn elles, og bustader i sentrumsområdet må vurderast nøye med omsyn til lys, vind, støy og forureining. Muligheitsstudiane vil kunne skape ny kunnskap om korleis fortette på gode måtar. Slik kunnskap er relevant for alle regionsentera i fylket og vi ønskjer at resultata og erfaringane frå prosjektet skal kunne nyttast i andre senter, heiter det frå fylkeskommunen som løyver 150 000 kroner til ein moglegheitsstudie.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.