Kultur | 14. jan. 2019

Kva er Nore Neset for deg? Køyr debatt!

Os kommune inviterer til grendamøte og ope kontor neste veke.

Kva er Nore Neset for deg? Køyr debatt!
Kva er Nore Neset for deg? Dette kan du fortelja Os kommune neste veke. (Ill. Os komune)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 14. jan. 2019 08:34

Som ein del av kommunen sitt arbeid med ny arealplan for Os skal det gjerast stadsanalyse og moglegheitsstudie for det som vert dei ulike nærsentra i kommunen.

Neste veke kan du møta kommunen andlet til andlet på Nore Neset.

Grendamøte og prosjektkontor

21. til 23. januar ønskjer kommunen å møta innbyggjarane i området for å høyra kva dei er opptekne av, kva dei saknar og kva som er bra med Nore Neset.

Det heile startar med grendamøte på ungdomsskulen måndag kveld. Tysdag er det ope kontor i aktivitetshuset med tema «Bu og leve på Nore Neset» og onsdag er det ope kontor med tema «Veg som barriere og moglegheit».

Os kommune oppmodar grupper, lag, foreiningar og alle andre interesserte til å stikka innom og sei si meining om kva Nore Neset er - og bør vera.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.