Lokal | 03. apr. 2012

Kva er ope i påsken?

Polet stengjer frå onsdag ettermiddag. Andre har ope heile påsken. Her finn du oversikta.

Kva er ope i påsken?
Joker i Os sentrum held ope heile påska (foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtysdag 03. apr. 2012 14:15

Tom for mjølk, sjokolade, eller kanskje smør? Det er mange raude dagar i påsken, og har du ikkje handla inn alt du treng, trur du kanskje det er for seint. Det treng det ikkje tru.

Vi har prøvd å laga ei oversikt over opningstider for butikkar og restaurantar i Os i påsken.

Daglegvarebutikkar

Matvarebutikkane har vanlege opningstider til og med onsdag 4. april. Påskeaftan held dei ope til klokka 16.00. skjærtorsdag, langfredag, 1. og 2. påskedag held dei stengt. (Sjå daglegvarebutikkane på Amfi Os lengre nede i artikkelen).

Unntaka er Joker Os og Bunnpris Vedholmen. Joker held ope alle heilagdagar frå 09.00 - 20.00 og til klokka 18.00 på påskeaften. Bunnpris er open frå klokka 11.00 - 16.00 på heilagdagar, og klokka 08.00 - 16.00 påskeaftan.

Amfi Os

Senteret held ope som vanleg fram til tysdag. Onsdag har dei laurdagsope og stenger klokka 18.00. Påskeaftan held dei ope til klokka 16.00.

Matvarebutikkane på Amfi er ope til klokka 19.00 onsdag, og til klokka 17.00 påskeaftan.

Butikkar

I Os sentrum held dei fleste butikkane ope til klokka 15.00 onsdag og til klokka 14.00 påskeaftan.

Skal du handla på Vinmonopolet før påske byrjar tida å bli knapp. Polet stenger klokka 15.00 onsdag og held stengt resten av påsken.

Restaurantar

Restaurant Færingen held ope heile påska frå klokka 12.00-18.00, men som vanleg er det stengt mandager.

Resten av restaurantnæringa har ope som vanleg, med unntak frå Memos Søfteland som har stengt skjærtorsdag.

Biljard, bowling og bading

Os Biljard og Sportsbar og Bowling1 Mix har vanlege opningstider gjennom heile påsken.

Osbadet har vanleg opningstid onsdag, mens torsdag, fredag, og mandag held dei ope til klokka 18.00. Laurdag og søndag er det stengt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.