Næringsliv | 05. feb. 2011

Kva kjem i kafeen?

Kafé Engeline er under bygging. No kan du få vera med å påverka menyen.

Kva kjem i kafeen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. feb. 2011 08:35

I romjula skreiv vi om kafeen Engeline, som opnar i Brugata no til våren. Artikkelen blei lest over 3000 gongar, trass i at den blei publisert tre dagar før året var omme var den blant dei 30 mest leste artiklane i 2010.

Responsen var stor, over 200 delte den på Facebook og mange skreiv hyggelege helsingar og kommentar til artikkelen.

- Dette varma veldig, både eg og søstera mi har dessutan fått mange fine tilbakemeldingar frå folk vi har snakka med, tusen takk, seier Borghild Strønen.

- Det var positivt overraskande at ein ny kafé i Os sentrum var så etterlengta, og at engasjementet er så stort blant osingane, seier ho.

– Send ønskje!
Nyleg starta innreiinga av lokalet på gateplan i Buggegården i Os sentrum.

- Arbeidet kjem til å ta tid, truleg lengre tid enn vi først trudde. Vi håper framleis på opning i mars, men det kan henda vi må venta til litt ut i april.

I mellomtida inviterer Dagrun Fjellbakk og Borghild osingane til å koma med ønskje om meny og innhald.

- Sidan engasjementet er så stort så reknar vi med at det er mange som har meiningar der òg. Folk er velkomne til å skriva til oss, seier Borghild, og deler ut søstera si epostadresse, fjellbakk22@hotmail.com.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.