Kultur | 14. feb. 2019

– Kva skal du gjera no? Svarfrist: 15.april

På onsdag fekk avgangselevane ved dei vidaregåande skulane i Os og Fusa gode råd til å velja rett veg vidare.

– Kva skal du gjera no? Svarfrist: 15.april
To framtidige NHH-studentar? Carmen Drange (t.v) og Julie Hovland ville høyra meir om NHH på onsdagens studieorienteringsdag. Key Rosenstock (i midten) hadde svara. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 14. feb. 2019 13:18

Bildeserie:

For dei fleste avgangselevane er søknadsfristen 15.april. Vala er mange. (Foto: KOG)
For dei fleste avgangselevane er søknadsfristen 15.april. Vala er mange. (Foto: KOG)
Studieorienteringsdagen er eit samarbeid mellom Os Gymnas, Os vgs og Fusa vgs. (Foto: KOG)
Studieorienteringsdagen er eit samarbeid mellom Os Gymnas, Os vgs og Fusa vgs. (Foto: KOG)
Key Rosenstock reiser i desse dagar rundt i Hordaland for å gje gode råd om vegen vidare etter gymnas og vidaregåande skulegang.
Key Rosenstock reiser i desse dagar rundt i Hordaland for å gje gode råd om vegen vidare etter gymnas og vidaregåande skulegang.
1 av 3

– Det er no tredje eller fjerde gongen vi gjennomfører denne studiorienteringsdagen, og dagen er eit samarbeid mellom Os Gymnas, Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule.

Dette fortel assisterande rektor ved Os Gymnas, Rune Rosland.

– Tidlegare mått vi til Bergen for å få til noko liknande, så for oss er det mykje å la dei ulike studiestadane koma hit og presentera seg, enn at vi dreg eit heilt trinn med oss til Bergen.

Mykje å velja i

Gjennom eit tettpakka program fekk elevane frå dei tre skulane høyra på- og helsa nærare på ambassadørar frå ulike studiestadar i Noreg.

Fristen for å søkja på dei fleste studiestadane er 15.april.

Lista med representantar på Os Gymnas i går kan nok forvirra enkelte i det vidare valet, men det stod ikkje på tilboda:
• Universitetet i Bergen
• Universitetet i Agder
• Norges Teknisk-Naturvitenskapelige universitet
• Norges Miljø- og biobvitenskapelige universitet
• Universitetet i Oslo
• Universitetet i Stavanger
• Norges Arktiske Universitet
• OsloMET
• Norges Handelshøyskole
• Høgskulen på Vestlandet
• NLA Høgskolen
• VID vitenskaplige høgskole
• Folkehøgskolene
• Handelshøyskolen BI
• Universitetet i Sørøst-Norge

Vil hjelpa bedrifter å tilpassa seg framtida

I eitt av klasseromma treff vi Key Rosenstock.

Fjerdeårs-studenten frå Norges Handelshøyskole (NHH), er i desse dagar på ei lengre omreise i heimfylket sitt for å rekruttera framtidige elevar til NHH.

Etter å ha halde eit kort, men engasjerande innlegg i gymsalen, sit Rosenstock no klar til å møta dei elevane som kanskje vil veta endå meir om kva ei framtid på NHH kan innebera.

– Eg valde sjølv å søka på NHH då eg såg at ei økonomiutdanning kan gje mange moglegheiter. Eg er oppteken av energi- og ressursbruk, og tema som fornybar energi interesserer meg ekstra. Målet mitt er å få meg ein jobb kor eg kan hjelpa bedrifter med å tilpassa seg endringar i samfunnet - spesielt me då gjera dei meir berekraftige.

– NHH er interessant for oss

Tal syner at 98,8 prosent av tidlegare NHH-studentar er i relevant jobb like etter at dei er ferdig med utdanninga si.

Om det var denne heller sikre framtida som fekk Carmen Drange og Julie Hovland til å oppsøkja Rosenstock for meir info om NHH er ikkje sikkert, men praten går fort om felles kjende, fagspesialisering og kor kjekt det er på NHH.

– NHH er heilt klart oppe på lista vår, fortel dei to avgangselevane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.