Lokal | 18. mai 2017

Kva skal kommunen heita?

Nytt kommunevåpen, nytt ordførarkjede og nytt namn skal på plass når Fusa og Os slår seg saman. Men kva skal den nye kommunen heita?

Kva skal kommunen heita?
Rådmann Christian F. Fotland fortalde at namnet måtte vera klart til fellesmøtet 24. august (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 18. mai 2017 12:39

I avtalen mellom Fusa og Os kommuner er «Bjørnefjorden kommune» nemnd som arbeidstittel på den nye kommunen, men at det er det som blir namnet er ikkje sikkert.

– Dette med namn på den nye kommunen, kva type prosess ser vi for oss framover, undra Nils-Anders Nøttseter (MDG) då formannskapet drøfta kommunereforma tysdag.

– Namn vil bli spennande og ein kan få lufta kreativiteten både når det kjem til namn og kommunevåpen. Eg tenkjer at innbyggjarane må få lov til å ytra seg, så vi bør nok ha nokre runder på dette, tildømes i sosiale medier og den bloggen/heimesida som er på veg opp, svara ordførar Marie Bruarøy (H).

– På fylkesnivå er det vedtatt ein namnekonkurranse for å involvera innbyggjarane på ein felles måte, kommenterte Nøttseter.

Dårleg tid

Han lurte vidare på om det var fellesnemnda (ei samanslutning av politikarar frå Os og Fusa som skal styre prosessen og den nye kommunen fram til 1.1.2020, journ.mrk) som skulle innstille til nytt namn, og kva ein har av tid før namnet må vera klart.

– Når vi skal ha felles kommunestyremøte med Fusa 24. august, kor fylkesmannen kjem, så må namnet vera fastsett, svarer rådmann Christian F. Fotland, og viste til inndelingslova §25, kor det heiter at følgjande skal drøftast på fellesmøtet:

a)forslag til namn på den nye kommunen eller det nye fylket
b)talet på medlemmer i det nye kommunestyret eller fylkestinget
c)kriterium for samansetjing av og funksjonar til fellesnemnd etter § 26 i denne lova
d)val av revisor for verksemda i fellesnemnda
e)oppretting av eventuelle andre fellesorgan for å sikre gjennomføringa av samanslåinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.