Kva skjedde her?
Framfor Fisketorget ligg eit av dei omlag 2 meter høge blomstertårna som pyntar opp sentrum velta.

Fleire plassar rundt i Os sentrum har sentrumsforeningen og Os kommune satt opp omlag 2 meter høge blomstertårn for å pynta opp i bybilete. No kan det virka som at ikkje alle er like nøgde med det.
– Blomstertårnet framfor Fisketorget ligg velta.
– Det kan sjå ut som om nokon har køyrd på det og berre stukke, seier leiar i sentrumforeningen, Geir Amundsen.
Vil melda det
I følgje Amundsen har hendinga truleg skjedd i slutten av førre veke.
– Dette er jo hærverk på anna manns eigedom. Det er greitt å vera uheldig, men då må ein jo gje beskjed.
– Ein kan ikkje berre køyre på ting og stikke frå staden. Det er ikkje lov i henhold til vegtrafikkloven.
– Vi kjem no til å melda det til politiet, fortel ein frustert og fortvila sentrumsleiar.
Tårna kostar sentrumsforeningen 7 - 8 000 kroner per stykk. Han vil òg kontakta noko som kan koma for å ta hand om tårnet.
– Det kan jo ikkje ligga slik, avsluttar Amundsen.