Næringsliv | 13. sep. 2018

Kva skjer med Joker-lokalet?

Norgesgruppen har 9 år igjen av leigekontrakten.

Kva skjer med Joker-lokalet?
Det har vore stille i Joker-lokalet sidan slutten av juli. Det vil Norgesgruppen ha ei endring på. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. sep. 2018 12:40

Søndag 29. juli blei siste opningsdag for franchisetakar Dragesethuset Colonial AS, som då hadde drive Joker-butikken i Os sentrum frå mai 2017.

I august blei bygningen selt frå Drageset Lyssand-familien til Gjølanger Bruk AS, men med Norgesgruppen sin leigekontrakt med på kjøpet.

– Leigekontrakten varer i ni år til, seier Øyvind Jensen til Midtsiden.

Jensen er økonomidirektør i Norgesgruppen-selskapet Kjøpmannshuset AS, som administrerer Joker og Spar.

– Alternativa våre er å forsøka å kjøpa oss ut av kontrakten eller å skapa aktivitet i lokalet, det er ikkje aktuelt å lata det stå tomt lenge.

Godt grunnlag for ny Joker

Jensen seier at Kjøpmannshuset i første omgang vil jobba med å få ny drivar til Joker.

– Butikken har hatt god nok omsetnad til at det skal gå fint å driva denne med overskot. Vi er litt overraska og skuffa over at førre drivar måtte levera oppbod.

– Vi ønskjer ikkje å opna for å driva butikken i eigen regi, men vi søkja etter ny franchisetakar.

Kjøpmannshuset vil både undersøkja internt og lysa ut eksternt etter ny drivar.

Andre alternativ

Norgesgruppen har fleire kiosk-konsept, MIX, Deli de Luca og Jafs.

– Om de ikkje får drivar til Joker, kan kiosk bli aktuelt?

– Lokalet og plasseringa er, sånn vi ser det, ideelt for Joker. I første omgang vil vi prøva å få Joker i drift igjen, men eg skal ikkje seia at det er uaktuelt med kiosk.

– Er Os sentrum definert som strategisk viktig for Norgesgruppen, eller hadde de, om det var nokre få månadar igjen av kontrakten, latt være å fornya?

– Vi har ikkje uttalt at vi SKAL vera i Os sentrum, så då er det mogleg at vi ville ha sleppt taket i dette lokalet. Men no er det ni år igjen, og det kan bli ni gode Joker-år, om vi får tak i rett person.

Om ikkje ny drivar til Joker kjem på plass, og om kiosk blir uaktuelt, må Kjøpmannshuset tenkja annleis.

– Om det er greit for huseigar vil vi då driva framleige til ein heilt annan bransje. Vi jobbar uansett intensivt med å få drift i lokalet igjen, seier Øyvind Jensen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.