Atle Kvåle med Fusa sitt kommunevåpen, Marie Bruarøy med Os sitt, men kva skal på kommunevåpenet som rådmann Christian F. Fotland held? (foto: Os kommune)

Kva symboliserer den nye kommune?

Bjørnafjorden kommune frir til sjetteklassingane og innbyggjarane når kommunevåpen skal teiknast.

Av: Andris Hamre

Dei to ordførarane Atle Kvåle og Marie Bruarøy går no, saman med prosjektleiar og rådmann i Bjørnafjorden kommune, Christian F. Fotland, og ber innbyggjarane i både Os og Fusa om å teikne forslag til kommunevåpen for den nye kommunen.

– Vi går no aktivt ut og ber om hjelp. Spesielt gjeld dette frå alle 6. klassingane i dei to kommunane, som får dette som ei skuleoppgåve, fortel Bruarøy.

Alle bidraga frå elevane vil bli presentert på Bjørnafjorden kommune si heimeside og stilt ut. Skulane har frist til 16. mars med å levere inn bidraga i kommunetorget på Osøyro eller i kommunetunet i Eikelandsosen.

Står heilt fritt

Alle som vil kan delta i konkurransa, det ligg inga føringar frå kommunen.

– Her står ein heilt fritt til å illustrera det ein meiner symboliserer den nye kommunen, om det er naturen, oselvar, jettegryter eller andre ting.

– Vi i Os synes jo oselvaren er veldig fin, men i kommunevåpenet vårt så representerer den ikkje båtbyggjartradisjonen. Den er eit symbol på osingane sin utferdstrang. På same måte så representerer Osroso husflid og ikkje rosemåling som mange av oss har trudd.

Bestemmer sjølv

Os sitt kommunevåpen blei laga i 1949. Teikna av gullsmed Johan Eide og ferdigstilt av kunstlærar Trygve Eriksen.

– Det var nemleg slik at ein måtte ha kunstfagleg bakgrunn for å teikne kommunevåpen i 1949. Faktisk har ikkje Os sitt kommunevåpen vore offentleg godkjent, fordi det ikkje oppfyller dei heraldiske krava.

– Når det gjeld Bjørnafjorden kommune sitt kommunevåpen, så er det ikkje lenger slik at departementet skal godkjenne det. Det gjer kommunestyret sjølv, og vi håper å få to likelydande vedtak i Fusa og Os, slik at vi kan ta i bruk det nye symbolet som eit ledd i å bygga ny kultur og ei kommune.

Bidraga kan leverast både på papir og digitalt. Desse vil vera grunnlaget for ei profesjonell utforming i etterkant.

– Eg er spent på å sjå kor mange forslag som kjem inn. Det er berre å setta seg ned og teikna, avsluttar Bruarøy.

Fleire saker