Sport | 06. mai 2011

Kvalifisert for Titleist Tour

Cecilie Langeland Olsen kvalifiserte seg førre helg til den nasjonale Titleist Touren.

Kvalifisert for Titleist Tour
Andris Hamrefredag 06. mai 2011 06:39

Cecilie Langeland Olsen, som òg er russ i år, lot russefeiring vera russefeiring og kunne i staden feira ein sterk andreplass i Titleist Region Tour i Stavanger og dermed plass på Titleist Touren si første runde 14. og 15. mai på Fana Golfklubb.

Langeland Olsen legg seg på andre plass etter første runde kor ho endar 10 over par. På den andre runde gjer ho det enda skarpare og sikrar andreplassen med å gå dei 18 hola på 78 slag, 6 over par. Vinnaren Karoline Woie frå Stavanger GK endar 8 slag framfor Langeland Olsen.

- Cecilie spelar strålande golf og gjer ein meget sterk prestasjon, skryt Head Pro (sjefstrenar) på Bjørnefjorden Sverre Marcelius.

Bra på kvalifiseringsrunda gjorde òg Anders Engelsen som enda på 5. plass berre to slag bak kvalifiseringsgrensa.

Måtte ut i omspel

Medan elevane spelte Region Tour i Stavanger deltok trenaren sjølv på Golftour Hordaland (ei eliteturnering for dei beste spelarane i Hordaland) på Sotra GK si bane.

- Det blei spennande. Eg måtte ut i omspel over to hol for å dra sigeren i land, fortel Marcelius.

Marcelius slo ungguten Lars Mjeldheim Sandvoll frå Fana GK i omspelet.

- Eg er relativt sterk i hovudet når eg spelar, så det kan ha vore med på å gjera utslaget, seier Marcelius.

Tre på Noregscup

Bjørnefjorden GK er som einaste klubb kvalifisert med tre spelarar på kommande helgs Noregscup på Sola GK.

- Alexander Heggland, Bengt Tore Olsen og eg sjølv har alle tre kvalifisert oss gjennom resultata frå fjorårssesongen, fortel Marcelius.

Målsetninga for oss alle tre er nok å klare cut-en, men eg ser ikkje bort frå at vi kan blanda oss inn i topp ti om vi har dagen, avsluttar golftrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.