Sport | 12. apr. 2017

Kvalifiserte seg på første forsøk

Kristian Breivik Gjøen stiller med ny bil og nesten dobbelt så stor motor i år. Det gav utslag i sesongopninga.

Kvalifiserte seg på første forsøk
Ny bil: Kristian Breivik Gjøen har, som storesøster Karoline, morfar Håvard Gåssand som mekaniker, bakkemannskap og største sponsor. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. apr. 2017 08:02

Bildeserie:

Kristian låg på 2. plass i A-finalen då han måtte gje seg. (Privat foto)
Kristian låg på 2. plass i A-finalen då han måtte gje seg. (Privat foto)
Han har auka frå 1,6 til 2,0 l og nesten dobla talet på hestekrefter med ny bil. (Privat foto)
Han har auka frå 1,6 til 2,0 l og nesten dobla talet på hestekrefter med ny bil. (Privat foto)
1 av 2
Kristian låg på 2. plass i A-finalen då han måtte gje seg. (Privat foto)
Han har auka frå 1,6 til 2,0 l og nesten dobla talet på hestekrefter med ny bil. (Privat foto)

I debutsesongen 2015 var han éin plass frå å koma til landsfinalen, i fjor klarte han det på andre forsøk.

I helga starta Kristian Breivik Gjøen bilcross-sesongen med ny bil.

– Vi har berre hatt bilen ute av verkstaden éin gong, på ein treningstur på Eikås. Det er uvant med ny bil og større motor, men det gjekk i grunnen ikkje så lang tid å venna seg til den, seier Kristian.

Bilen, ein Golf 3 med 2,0 liter motor, har originalt 150 hk. Eit bra steg opp frå førre Golf med 1,6 liter.

Starta med tre andreplassar

Kristian starta kvalifiseringsløpet med 2. plass i alle dei tre innleiande heata.

Han fekk andre spor i B-finalen, som han vann, og dermed var han allereie topp 6 og kvalifisert til landsfinalen.

Låg som nummer to i A-finalen

Med siger i B-finalen fekk han ein av dei fem plassane i A-finalen.

Her starta Kristian bra, og låg lenge som nummer to, men som måtte han gje seg.

– Oljetrykkslyset varsla om at noko var gale, så eg stoppa bilen for ikkje å risikera større skade på motoren. No blir den fiksa så den er klar til neste løp.

Kristian var nær sin første plass på pallen, 4. plass er beste resultat til no, men ser nok fram til å koma på banen igjen med den nye bilen.

• Midtsiden samleside: Motorsport

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.