Lokal | 13. apr. 2010

Kvar kjem bomstasjonen?

Kommunane Os og Bergen må bestemma seg. No inviterer dei til ope møte.

Kvar kjem bomstasjonen?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. apr. 2010 12:09

Kommunegrensa mellom Bergen og Os går blant anna gjennom Nordvik. Det skaper utfordringar for Bergen-Os Bompengeselskap AS.

- Det ideelle hadde vore to stasjonar, ein på Fanafjellet og ein ved kommunegrensa i Nordvik. Men Vegdirektoratet ber oss ta ei avgjerd og ser helst at det blir éin stasjon, seier ordførar i Os Terje Søviknes.

Jobb, fritid eller handel - kva skal kosta?
Om bompengestasjonen kjem på Fanafjellet må mange av dei som bur i Nordvik betala dyrt for å reisa til for eksempel skule i nabolaget eller jobb i Bergen, den same kommunen som dei bur i. Og det utan at dei har nytte av den nye vegen som skal byggast mellom Svegatjørn og Rådal.

Om stasjonen kjem på eller nær kommunegrensa må mange av dei betala bompengar for å kjøra til Buena for å handla eller til Lysekloster idrettsplassen for å henta eller bringa ungar på trening.

- Med to stasjonar, der folk berre må betala om dei passerer begge innanfor ei viss tidsramme, ville det blitt betre. Men det ser ut som om vi må velja éin stasjon.

Inviterer til møte
Os kommune og Bergen kommune inviterer innbyggarane i Nordvik til orienteringsmøte på Kafé Ole B i morgon. Møtet skal handla om plassering av bomstasjonar på E39 og Fv 163.

Byråd for byutvikling, næring og klima vil delta på møtet, og frå Bergen kommune er også medlemmane i komité for miljø og byutvikling, saman med gruppeleiarane i bystyret invitert.

Frå Os kommune vil gruppeleiarane i Os kommunestyre og ordførar/varaordførar møta. I tillegg har kommunen invitert næringsdrivande i servicebransjen på Lysekloster.

Statens vegvesen er representert og kjem til å orientera om dei faglege utreiingane som er gjort.

Møtet startar klokka 11 og er ope for alle, men interesserte bør melda seg på til Sidsel Sørgard på telefon 55566275.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.