Kvar skule kan få ulikt tidspunkt for full drift
Kommuneleiinga har sendt brev til rektorane i dag.
- Midtsiden har starta utsending av gratis nyheitsbrev på epost - meld deg på her
I går blei det klart at skulane kan gå tilbake til fulle dagar med fullsette klassar.
Oppdatert rettleiar kjem først på fredag, og det er opp til helseleiinga i kvar kommune å definera om dei kan driva etter raudt (som i dag) eller gult nivå, etter ny trafikklysmodell lansert av regjeringa i går.
– Vi avgjer nivå for Bjørnafjorden kommune etter at dei nye retningslinjene er mottatt og gjennomgått, seier kommunalsjef Line Rye.
Grønt nivå er skuledrift slik det var før smitteverntiltaka blei sett i drift. Det generelle nivået i Noreg er no gult, men det er altså lokale forskjellar og lokale vurderinger som bestemmer nivået i kvar kommune.
– Etter møte internt i skuleleiinga på rådhuset i dag, har vi sendt brev til rektorane der vi ber dei førebu seg på møte tysdag klokka 9, seier fagsjef Per Olav Sørås.
Skulane bestemmer dato
Etter møtet tysdag vil det bli klart kor tid kvar skule går tilbake til fulle klasserom igjen.
– Nokre vil kanskje starta med fulle klasserom i siste halvdel av neste veke, mens vi vil jobba for at alle skal ha full drift frå måndag 8. juni, seier Sørås.
Han reknar med at fleire av skulane har lagt planar for neste veke, og at nokre av desse planane vil vera vanskelege å endra.
– Kva om nokon vil snu seg raskt rundt og ha full drift frå tysdag etter pinse?
– Då vil vi truleg opna for det.
– Foreldre bør følgja med på heimeside og Facebook-sida til sin skule, og sjekka epost, så dei held seg orientert.