Lokal | 14. des. 2018

Kvardag og fest i Borgafjell Barnehage

Ny styrar fortel om ein haust med vekst og trivsel.

Kvardag og fest i Borgafjell Barnehage
Styrar Kathrine Solheim på ei av småbarnsavdelingane i Borgafjell Barnehage. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 14. des. 2018 07:10

Bildeserie:

Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
1 av 5
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB
Foto: KVB

I førre veke skreiv vi om utskifting av personell og reduksjon av mengde born i Borgafjell Barnehage, i eit tilbakeblikk på tida med konflikt og tilsyn. Vi lykkast ikkje med forsøk på å få kommentarar frå eigarane, men ny styrar fortel om ein god og triveleg haust på ny arbeidsplass.

– Eg fekk eit veldig godt førsteinntrykk av barnehagen, både fasilitetane, dei tilsette og foreldregruppa. Vi er i ei positiv utvikling, med 65 born frå midten av desember, og mange interesserte familiar innom på synfaring, seier Kathrine Solheim.

Solheim kjem frå Fana, har bachelor i barnevern frå Universitetet i Stavanger og tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og småbarnspedagogikk. Frå 2006 har ho jobba som pedagogisk leiar, først i einbarnehage i Sandnes, og frå 2014 til hos starta i Borgafjell 1. august i Skorvane FUS barnehage i Os.

Engasjerte tilsette

Kathrine Solheim blei raskt glad i den nye arbeidsplassen sin.

– Bygget er berre fem år gamalt, og har ei praktisk utforming. Avdelingane er i hovudsak bygd rundt eit stort fellesrom der alle ungane møtast på morgonen og ettermiddagen. Uteområdet er delt i to. På framsiden av barnehagen er det motoriske utfordringar og rigga for leik for dei store ungane, på baksida er det eit skjerma område for dei minste.

Dei tilsette viste frå start at dei ønskte styraren velkomen.

– Det er tydeleg at dette er dyktige tilsette som er glade i jobben sin og som brenn for å gi barna omsorg, tryggleik, moglegheiter for leik, utvikling og meistring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med fokus på utvikling og kompetanseheving, med gode faglege diskusjonar på personalmøte og i kvardagen.

Personalstaben består av tilsette med ulik bakgrunn, utdanning og erfaring.

– No i haust har fokuset mitt vore på å vera tilgjengeleg og synleg for dei tilsette, ungane og foreldra. Eg har brukt mykje tid ute på avdelingane, og jobba aktivt inn for å skapa gode relasjonar, eit godt tillitsforhold og trygge rammer for tilsette, barn og foreldre. Eg har òg eit nært og godt samarbeid med samarbeidsutvalget og Irene Ullensvang fra Os kommune.

Nissefest og bytur

Då Midtsiden var på besøk torsdag var det peparkakebaking og markering av luciadagen.

– No i desember har vi fokus på jul og juleførebuing.

– I førre veke hadde vi nissefest, og dei to største avdelingane var på busstur til Pepperkakebyen i Bergen.

Kameratane

I tillegg til pedagogisk personell, har barnehagen òg eigen vaktmeister som utfører dagleg vedlikehald og tryggleikssjekk av barnehagen.

– Vi har òg eit industrikjøkken med eigen kokk som gir oss moglegheit til å tilby barna varm mat kvar dag, og dermed eit variert og sunt kosthald.

– Vi har flere menn i faste stillinger i barnehagen, og deltar i prosjektet «Ungdomsskulegutar som leikeressurs», som har som mål å rekruttera fleire menn til barnehagene i Os.

Les òg: Dei populære leikekameratane

– Vi har for tida fleire spennande prosjekt på gang, som for eksempel nyetablering av småbarnsavdelinga. I det høvet ser vi no etter nye medarbeidarar som ønskjer å vera ein del av vårt fantastiske team.

– Alt tyder på vekst

Etter sommaren gikk barneantallet ned og barnehagen starta i haust opp med to småbarnsavdelinger og to avdelinger for store barn.

– Frå august har vi hatt ein jamn straum av søkjarar som ønskjer barnehageplass. Vi opplever at det blir snakka positivt om barnehagen blant foreldra, og at dei som kjem på omvisning her har høyrd fine ord om oss og arbeidet vårt. At vi har varm lunsj kvar dag blir ofte trekt fram.

I skrivande stund er det 65 barn som har plass i Borgafjell frå 15.desember.

– Kvar veke blir eg kontakta av foreldre som ønskjer plass. Det gjer at vi er i ein prosess med å opna ei tredje småbarnsavdeling. Alt tyder på at vi vil halda frammed å auka i tida som kjem.

– Os kommune har fokus på overgangen barnehage-skule. Hausten 2020 er det planlagt oppstart i ny barneskule på Hjelle, og med skulen som nærmaste nabo blir det lagt til rette for endå tettare samarbeid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.