Kven blir nr. 25.000?

Laurdag går deltakar nummer 25.000 Ulvenmarsjen, 35 år etter det første løpet. – Det blir spennande å sjå kven det blir, seier primus motor Erling Andersen.

I år, som i fjor, blir det kunnskapsoppgåver rundt løypa (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 19. apr. 2013 08:21

For 35. gang inviterar Erling Andersen og Søfteland Turn og Idrettsforening til Ulvenmarsjen når den blir arrangert laurdag og sundag.

– Vi har sett på tala og rekna oss fram til at i løpet av laurdagen bikkar vi 25.000 deltakarar.

– Den som blir startande nummer 25.000 kjem til å få ei lita merksemd frå oss, fortel Erling Andersen.

14 km med ny start

Turmarsjen, som kappast med Lysøen Rundt om å vera den største familiemarsjen i området, går i år frå Os Barneskule.

– Vi måtte flytte starten grunna ombygginga som går føre seg på ungdomsskulen.

– Resten av løypa er dei same 14 kilometerane som tidlegare.

Lotte Lise startar

Heile sju utøvarar har gått dei trettifire første marsjane.

– Eg reknar med dei skal gå i år òg. Dei har vore observert i trening.

– Ei som har sagt ho stiller er Lotte Lise Skeie. Ho er marsjens eldste deltakar på 88 år, smiler Andersen.

I tillegg til dei sju, er det fire som i år går for 30. gang.

Eige avis

Nytt av året er ei eiga avis som arrangørane eigenhending har distribuert i postkassene i bygda.

– Den er på 16 sider med info om årets marsj, historikk og statistikk frå tidlegare år.

– Takket vera annonsørane klarte vi å få til å gje den ut.

Må vera 400

Antal deltakarar dei siste åra har svinga mellom fire- og sekshundre.

– Det er eit stykkje bak toppåret i 1982 kor 1220 blei registrert som startande.

– Sist vi var over 1000 deltakarar var i 1992, deretter har vi vore under.

– Skal det vera vits i å arrangera den må vi over 400 deltakarar for å få dekkja utgiftene til premiar og utstyr, i tillegg til nokre kroner i klubbkassa, fortel turmarsj-generalen.

Slepp snøvêr

Vêrutsiktene for laurdagen og sundagen er heit greie i følgje Andersen.

– Vi slepp i allefall snøvêr som vi har opplevd tidlegare. Sist eg sjekka meldte dei opphald og heilt grei temperatur.

– Kan hende blir det litt vind, men det bør ikkje stoppa spreke osingar, avsluttar Andersen.

Start laurdag er frå klokka 14.00 med siste innkomst klokka 19. Sundag går første startskot klokka 10, med siste innkomst kl 15.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.