Lokal | 20. des. 2016

Kven blir varaordførar?

Om Terje Søviknes (Frp) blir statsråd i dag, og Marie Lunde Bruarøy (H) rykker opp til ordførerstolen, kven blir då hennar etterfølgjar som varaordførar?

Kven blir varaordførar?
Kven overtek varaordførar-rolla etter Marie Bruarøy (H) om Terje Søviknes (Frp) forsvinn til Oslo? (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 20. des. 2016 07:45

I dag, 20. desember 2016, kan bli ein merkedag i Terje Søviknes og Marie Lunde Bruarøy sine politiske liv. Søviknes tar ein pause (vi vel å skriva pause, då det er stortingsval til hausten og mykje kan skje då) frå ordførarstolen etter 17 år samanhengande, og Bruarøy får endeleg sjansen etter seks år i rolla som varaordførar.

Avtalen mellom dei to styrande partia i Os seier nemleg at om Søviknes forsvinn til rikspolitikken, overtek Bruarøy og Høgre ordførarstolen, medan Frp må finna ein ny varaordførar.

Vi trur det blir Eirik André Hesthamar (Frp).

Hesthamar har på mange måtar vore kronprinsen i Os Frp siden han blei vald inn i forrige periode. Frå sidelinja kom han rett inn som leiar av Tenesteutvalet. Han blei òg sett til å leia styringsgruppa for posisjonen sitt prestisjeprosjekt Betre Læringsresultat (BLR) og han sto på tredjeplass på Frp si liste til kommunevalet i fjor haust.

Framfor han sto berre Søviknes, og no stortingsrepresentant, Laila Marie Reiertsen, opptatt i rikspolitikken og uakuell som varaordførar, om ikkje Gjermund Hagesæther, som Reiertsen er vara for på stortinget, går tilbake til stortinget frå posten som statssekretær i Justisdepartementet i samband med dei skiftene som er venta i dag. I tillegg sit Hesthamar som 1. varamann til formannskapet for Frp og rykker automatisk inn der, om Søviknes forsvinn til Oslo.

– Det har eg ingen kommentar til. Om det viser seg at Terje forsvinn i ettermiddag, så reknar eg med at det blir starta ein prosess på dette i etterkant, seier Hesthamar når vi lanserer vår spådom.

Både Bruarøy og Hesthamar (opprinneleg frå Lekven) bur i Øyane, som no kan bli ein «topptung» krins.

Kva med Bahus og Aspenes?

Kva då med dei politiske ringrevane Gustav Bahus og Espen Aspenes?

Dei trur vi blir verande der dei er, nettopp fordi dei er to røynde politikarar. Bahus trivst best med å trekka i trådane som partileiar både lokalt og i fylkespartiet. Aspenes ville eigentleg trappa ned før førre val, men då han sa ja til å stå på «æresplassen» (nedst på lista) hos Frp så ville veljarane det annerleis. Aspenes kan etter det Midtsiden forstår ikkje velgjast, då varaordføraren må sitta i formannskapet. I formannskapet sit i dag Terje Søviknes (som truleg blir erstatta av Hesthamar), Jonn Garvik og Laila M. Reiertsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.