Kven er årets unge gjestar?
Første søndag i advendt skal Nornekoret skapa stemning i Os kyrkje - som vanleg med unge gjestevokalistar.
Are you ready to sing a little Jingle Bells? Dersom du er det, må du ta turen til Os kyrkje første søndag i advent.
Då er vi i Nornekoret klare til å innleie førjulstida med den tradisjonelle julekonserten vår. I mange år no har vi saman med gode hjelparar gjort det vi kan for å setja deg og dine i julestemning. Dirigent Laila Storvik vil leie oss gjennom eit repertoar av både norske og engelske, gamle og nye songar – frå «Stille Natt» via «Nordnorsk Julesalme» til «Holy Mother».
Tradisjonen tru har vi også i år med oss nokre unge talentfulle gjestar.
• Sjå video: Nornekoret sin julekonsert i 2017
Kaja og Sina Henne vil synge, og bandet vårt består av tre dyktige musikarar frå Kongshaug, Josef Gabrielsen, Kristian Mjelstad og Idar Rolland, og trompetist Ragnhild Kristine Midtbø – alle under kyndig leiing av Åsmund Brekke på piano. Og når i tillegg Nils Midtseter har ansvaret for lyden, skulle alt ligge til rette for ei fin oppleving.
Så dersom julekonserten vår ikkje allereie har blitt ein førjulstradisjon for deg, har du no sjansen til å legge ein ny tradisjon til lista di og framfor alt dele ei fin stund med oss denne adventssøndagen.
Velkomen skal du vera!
Nornekoret
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilbod: 1 månad for 1 kr
No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Frå 145 kr/md.
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.