Lokal | 19. aug. 2009

Kven får di stemme?

Frp, Ap og Høgre toppar på VG sin veljarguide. Her er statistikk for Os, lenkje til testen og tal frå førre val.

Kven får di stemme?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. aug. 2009 11:11

Valkampen er i gong, også lokalt, og måndag 14. september skal mange av oss til urnene.

Ved førre stortings- og sametingsvalet leverte 80,7 prosent av dei 10.830 osingane med stemmerett godkjente stemmesedlar, ein del høgare enn snittet i Noreg, som var på 77,4 prosent.

Stussar du på kva parti du skal stemma på? Det beste er nok å følgja med i media og å skaffa partiprogramma til dei du reknar med støttar dine hjartesaker, men VG sin veljarguide kan kanskje gje deg ein peikepinn.

HER KAN DU TA TESTEN (og sjå statistikk)

Dei osingane som har tatt testen til no har desse partia nærmast eigne meiningar:
Frp 37,7 %
Ap 16,3 %
Høgre 15 %
Sp 14,8 %
SV 7,4 %
Krf 5,6 %
V 3,2 %

Dette er ganske likt resten av landet, som har 35 % til Frp, 16,5 % til Ap og 15,6 % til Høgre.

Resultat frå førre stortings- og sametingsval
(2005, på landsbasis, endring i prosent frå 2001)

Det norske Arbeiderparti 32,7 % (+8,4)
Framstegspartiet 22,1 % (+7,4)
Høgre 14,1 % (-7,1 %)
Sosialistisk Venstreparti 8,8 % (-3,7)
Kristeleg Folkeparti 6,8 % (-5,6)
Senterpartiet 6,5 % (+0,9)
Venstre 5,9 % (+2,0)
Raud Valallianse 1,2 % (0,0)

Kjelde/komplett oversikt: Wikipedia

Til samanlikning var frammøteprosenten ved førre kommunestyreval (2007) i Os 70 prosent (8093 av 11.562)

Slik blei resultatet i 2007 (mandat i kommunestyret):
FrP: 44,8%, 17 mandat
Ap: 14,1%, 5 mandat
TvS: 12,0%, 4 mandat
Høgre: 11,5%, 4 mandat
KrF: 6,2%, 2 mandat
Venstre: 4,0%, 1 mandat
SV: 3,4%, 1 mandat
Sp: 3,4, 1 mandat

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.