Kven har vi klona?
Det er ny runde med "kloningen", og konkurranse om å vinna gåvekort på 500 kroner. Sjå også tidlegare kloningar.


I førre runde fekk vi få svar, og ikkje alle var riktige heller. Nokon trudde det var Rune Rosvold og Ingrid Netland vi hadde manipulert saman til eitt bilde, andre trudde det var Gunnar Nagell Dahl som var klona med Renate Iversen Sundberg.
Renate frå sentrumsforeininga var rett, men ho var manipulert saman med Per Ove Fimreite, eller "Proffen" som mange kallar skoseljaren på AMFI Os.
Jørgen Wold var blant dei som hadde rett svar, og han blei trekt ut som vinnar av gåvekort på 500 kroner i valfri butikk i Os.
Måndag 22. juni kom førre utgåve av magasinet Midtsiden, og no er det bildet over vi vil ha svar på kven er.
Har du eit forslag så send dette til kjetil@midtsiden.no innan 27. juli.
Under kan du sjå kloningane vi hadde i vår, vinter og hausten som gjekk.