Kven sitt ansvar er dette?
Vil du varsla om dårleg veg eller mangelfull brøyting? Her kan du finna ut kven som har ansvaret for kvar enkelt veg i Os. Men stemmer kartet?
![Kven sitt ansvar er dette?](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/fd1af02ce6060c424b17e9cd6a4b749f32eb2cb9-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Etter omlegging av veg-eigar-strukturen er det i Os berre E39 som er statleg, men mange av vegane i Os er fylkesvegar.
Medan Os kommune har ansvaret berre for dei kommunale vegane er det Statens vegvesen som har vedlikehald og brøyting på fylkesvegar og E39.
På kartet på Os kommune sine heimesider er vegane no merkt med fargekodar, og du kan sjå kven som har ansvaret for akkurat den vegen du har spørsmål om.
Raud: Fylkesveg
Blå: Kommunal veg
Gul: Privat veg
Dersom desse fargekodane ikkje kjem frem må du zooma inn på kartet.
– Om du meiner at vegen «din» har fått feil markering ber vi om at du kontaktar kommunen, seier driftssjef for teknisk drift i Os kommune, ved Marianne R. Kramer.
Kramer når du på epost makr@os-ho.kommune.no.
– Melding om feil vil bli skjekka ut og kartet vil bli oppdatert dersom melding om feil er korrekt, legg ho til.