Lokal | 10. juli 2018

Kven treng vel syden?

25 gradar i skuggen, sol frå skyfri himmel. Det er berre å nyta.

Kven treng vel syden?
Folk var i ferd med å strøyme til Mobergsvikjo då Midtsiden var bortom i 12-tida tysdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 10. juli 2018 10:46

Tysdag blir den varmaste dagen denne veka. Det tydar det på at heimevêrande osingar veit å nytta seg av. Då Midtsiden tok ein formiddagsrunde gjennom hamna og ut i Mobergsvikjo var det ein jamn straum av badegjestar.

– Vatnet er deilig, fortalde dei badande vi snakka med på rundturen.

Vekentlege målingar

Nøyaktig kor varmt vatnet er no er det inga offisiell måling på. Gjennom badesongen måler Os kommune vasstemperatur og -kvalitet på eit utval av badeplassane i kommunen.

Sist måling var tysdag 3. mai. Då såg det slik ut

  • Vinddalsvatnet, Søfteland - 18 grader
  • Smievågen - 16 grader
  • Moldafjæro - 16 grader
  • Mobergsvikjo - 16 grader
  • Kuvågen - 16 grader
  • Skeisstøa - 16 grader
  • Søvikvågen - 16 grader
  • Sigurdsvikjo, Ulvenvatnet - 18 grader

Alle plassane var vatnet også reint. Ulvenvatnet hadde ved målinga 20 TKB (termostabile koliforme bakteriar). På resten av badeplassane var resultatet 10 TKB eller mindre.

Her kan du sjå oppdaterte målingar frå kommunen

God temperatur fleire dagar

Finvêret ser ut til å halde seg også vidare utover i veka. I følgje pent.no får vi opp mot dei same temperaturane også onsdag og torsdag, før den fell litt fredag og laurdag. Søndag og måndag finst det ein liten moglegheit for at vi få litt nedbør.

Sjå langtidsvarselet her

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.