Fleire ville diskutera skissene med arkitektane på møtet i Tunet måndag ettermiddag (foto: Andris Hamre)

– Kvifor er husa våre vekke?

Moglegheitsstudier av Steinneset • Fleire reagerte på at eksisterande hus var fjerna i nokre av skissene.

Av: Andris Hamre

Måndag ettermiddag fekk bebuarar på Steinneset og andre interesserte presentert tre ulike moglegheitsstudiar av eit framtidig Steinneset.

Sjå: Slik kan Steinneset bli 

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Aina Tjosås, og Plansjef, Tina K. M. Sinclair freista å forklare at dette var ei moglegheitsstudie på oppdrag av kommunestyret og kun noko som var på idéskissestadiet.

– Det er ingen som treng vera redde for at hekken går som følgje av dette. No skal vi finna ein plass i Os sentrum og stille ut dei tre skissene, så skal vi laga ei politisk sak til kommunestyret i desember som er dei som skal ta stilling til kva vi skal gjera vidare og kva vi skal jobba vidare med, innleia Tjosås.

– Dei tre arkitektfirmaene har fått ulike oppdrag frå ei forsiktig fortetting med Fjordparken, til litt meir utnyttelse i Fjordgrenda til å teste grensene for kva osingane kjenner seg igjen i i Fjordbyen. Dei har fått cart blanche, så om det er nokon som saknar sitt hus, så har dei fått lov til ikkje ta omsyn til eksisterande bebyggelse for å testa og løfte blikket. Vi må tørre å kjenna på yttergrensene. Dette forpliktar ikkje naboar eller nokon, men inviterer til debatt, supplerte Sinclair.

Dei tre skissene har blitt utarbeidd, mellom anna etter ein workshop arkitektane hadde på Os i midten av september, kor osingar var invitert til å koma med innspill om kva som var viktig for Steinneset. 

Tilgjengelege tomter?

I den nesten fullsatte salen var det fleire som uttrykte skepsis til skissene.

– Dette er både kommunen sin eigendom og tomter i privat eige. Er arealet disponibelt for ei slik utbygging, undra Stein Lyssand.

– Kommunen si tomt har fleire utrykt ønskje om å ha som parkområde. Tomtene bak er det forskjellige utviklingsplanar på. Det er ingenting som er disponibelt i dag i høve det som blir skissert her. Dette er litt høgt-tenking, svara Sinclair.

– Jo, men de går jo heilt opp i Steinnesetvegen, kommenterte Valter Midtseter.

– Ikkje gå ned i detaljane no. Vi er på idéstadiet og må vera villige til å løfta blikket, svara Tjosås.

– Ein skam!

Ei av dei sterkaste reaksjonane var det Ole-Håkon Vik, som i planen for Fjordbyen, hadde fått radert ut sitt eiga hus.

– Kvifor er ikkje våre hus lagt inn i planen. Det er skamfullt og feigt at de ikkje viser det som er der. Mine jenter kjem til å lura på kor huset vårt er når vi går for å sjå på utstillinga. Kvifor eksproprierer de allereie no?

– Vi eksproprierer ikkje noko. Oppdraget til arkitektane var å sjå moglegheiter, så må vi sjå kva ein finn akseptabelt. Det er difor vi inviterer dykk til folkemøte og workshop, svara kommunalsjefen.

Kva med auka trafikk?

Om det blir ei fortetting med 119 husvære, så vil naturleg nok trafikken også auke.

– Kva gjer ein når bilar frå dette området skal ut i Hatvikvegen som allereie er sprengd, undra Olaug Tvedt Keys.

– Dette er langt fram i tid. Når den tid kjem har vi lagt om vegen. Det er ting som vi kjem tilbake til, svara Tjosås.

Bygge i sjøen?

Fleire reagerte også på at ein i eitt av prosjekta har tillete å byggja ut sjøen.

– De må forholde dykk til gjeldande grenser. Kvifor kan de få lov til å bygga ut i sjøen, undra Vik.

– Kommunen må følgje akkurat dei same reglene som alle andre. Om ein vil byggja ut i sjøen så må ein søka og gjennom ei ordinær handsaming. Det gjeld både kommunen og alle andre, svara Tjosås før Tove Tvedt Skarstein avrunda debatten med å gje litt skryt til kommunen.

– Eg vil skryta litt av prosjekta. Doke har kome opp med masse spennande ting. Det er mange spennande element som ein kan jobba vidare med.

Fleire saker