Lokal | 24. aug. 2020

Kvifor er ventetida på koronatest lang - kor tid kjem ei betre løysing?

Legevaktsjef Sveinung Gangstø forklarer.

Kvifor er ventetida på koronatest lang - kor tid kjem ei betre løysing?
Det blir no testa dobbelt så mange som på det mest travle i april - samtidig slit folk med å koma gjennom på telefonen. (Foto: KOG)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 24. aug. 2020 10:19

I august fekk Bjørnafjorden kommune sine første smitta sidan 14. april, og på 11 dagar blei det konstatert i alt 4 smitta (utanom den smitta soldaten i Ulven leir) - 3 av dei hadde blitt smitta i utlandet, den fjerde i ein annan kommune.

Testsenteret og koronalegevakta flytta frå Moberg tilbake til Røde Kors-huset i Kolskogen for ei veke sidan, og dei siste vekene har det vore kamp om å koma gjennom på telefonen for å bestilla time.

På ein halvtime måndag formiddag har to av dei som ikkje kjem gjennom, kontakta Midtsiden-redaksjonen og bedt om svar.

Testar dobbelt så mange som før

– Det såg ut som om dette gjekk meir som smurt i april enn no. Kvifor?

– Fordi det er langt fleire som no blir testa, svarer legevaktsjef Sveinung Gangstø.

I vår låg det 30 testar om dagen, på det mest travle. No er testsenteret oppe i 50-60 per dag. I starten på april var dessutan skular og barnehagar stengte, ungdomar var heime frå skulen, mange foreldre hadde heimekontor og det var ikkje alle med symptom som fekk lov å testa seg.

– No er det annleis. Alle skal testast. Vi har auka kapasiteten, og Haukeland har auka kapasitet på analyse av prøvane.

Legevaktsjef Sveinung Gangstø har om få dagar på plass ei elektronisk løysing for timebestilling. (Foto: KVB)
Legevaktsjef Sveinung Gangstø har om få dagar på plass ei elektronisk løysing for timebestilling. (Foto: KVB)

Sjølve smitteprøven er rask å ta, men så skal informasjonen plottast inn i datasystemet manuelt, og etikettar skal limast på. Samtidig ringer telefonen. I eitt.

– Er det dei same som gjennomfører prøvetaking som svarer telefonen?

– I prinsippet er det det. Det er to som plottar inn data og to som svarer telefonen og deler ut timar.

Snart klart: Bestilling via nett

– Kva blir gjort for at folk skal sleppa å bruka fleire timar på å koma gjennom på telefon for å bestilla time?

– Vi jobbar med å implementera ei løysing for timebestilling via nett. Vi er nesten i mål, og denne kan vera på plass om nokre få dagar.

Gangstø har bakgrunn frå Direktoratet for e-helse (IKT i helsevesenet). Han sa nei til løysinga Bergen kommune valte, ei løysing som dagen etter fekk kritikk for ikkje å fungera som den skulle.

– Vi har valt «Helseboka», eit system som fastlegar har vore med og utvikla, og som fleire kommunar har positive erfaringar med.

Når denne er klar for drift kan du bestilla time der du vel dag og klokkeslett ut frå ein kalender på kommunen si heimeside med oversikt over ledig tid.

– Det tar kort tid å ta smitteprøve, blir det timebestillingar som liknar togrutene, for eksempel klokka 11.07?

– Det blir nesten minutt for minutt. Det er rett at sjølve prøvetakinga er rask å ta, men så har vi etterarbeid og forarbeid før neste bolk med prøvar blir tatt.

– Negativ test er ikkje eit grønt lys

Om du står på vent så hjelper det ikkje å køyra opp i Kolskogen eller å ringa ordinær legevakt.

– Har du ei oppmoding til dei som ventar på å koma gjennom, og som ventar på time og ventar på svar?

– Ver tolmodig. Hugs at det viktigaste er å bli symptomfri. Eit svar som seier at du ikkje er smitta er i seg sjølv ikkje eit grønt lys til å gå tilbake på skule eller jobb. Du skal halda deg heime så lenge du har symptom.

– Samtidig er det viktig for både deg, dei rundt deg og samfunnet samla sett, at vi får kartlagt det som er av smitte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.