Meining | 21. juni 2019

Kvifor hastevedtak i Fjellheimsaka?

Lesarinnlegg: Politikarane bør verkeleg tenkja seg om.

Kvifor hastevedtak i Fjellheimsaka?
Det er mange gode grunnar til å bygga vidare på initiativet som direktøren og styreleiaren i Oseana har sparka i gang, meiner Tore Moberg. (Foto: Tore Moberg)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 21. juni 2019 07:45

I formannskapsmøte i dag, fredag 21.06, er Fjellheimsaka på sakslista igjen.

Rådmannen sitt framlegg til vedtak er å ikkje gå vidare med planane om eit samarbeid med Oseana. Grunngjevinga er prislappen på nær 30 millioner som rådgjevingfirmaet Rambøll har kome fram til for ei total oppgradering av Fjellheim og vaktmeisterboligen til dagens standard og krav. For Fjellheim er summen ca 25 millioner.

Foreininga Bevar Fjellheim (BF) har tidlegare sett på vaktmeisterboligen som eit sals- eller rivingsobjekt, men prisen på ca 25 mill er framleis veldig høg.

Bestillinga frå Oseana til Rambøll har vore å få ein prislapp på ei total rehabilitering av Fjellheim til dagens standard og krav. Byggjeforskriftene har blitt endra fleire gonger etter 1992, bl.a. i 1997 og i 2016. Det er ikkje overraskande at prisen vert høg på ei slik bestilling, og det var kanskje det som også var meininga?

I kjent stil har ordføraren trekt ut eit nytt ess i ermet ved å opplysa om at det skal nyttast 3 millioner til eit ekstra rom i Os Aktiv-bygget som skal bli ein ny møteplass for ungdom. Altså enno ein god grunn til å gløyma Fjellheim.

Fjellheim fullstendig oppgradert i 1990-92

Verken Rambøllrapporten eller tilstandsrapporten tar med at Fjellheim har gjennomgått fleire store oppgraderinger.

I tilstandsrapporten er det diverre fleire faktafeil, og manglande faktagrunnlag som ikkje kan tilskrivast takstmannen, men Os kommune som ikkje har formidla nok informasjon om Fjellheim til han. Den viktigaste informasjonen som manglar, er den store rehabiliteringa av huset innvendig i 1990-1992.

Den største oppgraderinga var ferdig i 1992, altså knapt 20 år før bygget vart avstengt i 2011.

I 1982 – 84, altså før Os kommune kjøpte Fjellheim, vart det også gjennomført ei stor rehabilitering då alle vindauge vart skifta ut, og det gamle teglsteintaket vart skifta ut med stålpanner.

Då Os kommune kjøpte Fjellheim av Os Musikk- og Turnforening i 1989 vart det nedsett eit breitt samansett brukarutvalg frå 8 ulike lag som kom med framlegg til vidare oppgradering og modernisering av Fjellheim.

Desse var representerte i utvalet:
Os Bygdakunstlag, Os Musikkskule, Os Jazzlag, Os Teaterlag, Os Turnforening, Os Musikkforening, Os Mannskor og Kulturutvalet.

Rapporten, som var klar 26.03.1990 låg til grunn for den store oppgraderinga av Fjellheim med bl.a. med to påbygg mot nord og sør på bygningen.

Det mobile amfiet for publikum var også med i brukarutvalet sitt framlegg, og det kom på plass eit stykke ut på 2000-talet. Arkitekten for ombygginga og påbygginga var Hans Skogen, og han gjorde ein framifrå jobb.

Framtidsretta rapport frå Oseana

I Olaf Søfteland sitt innlegg om mogeleg framtidig bruk av Fjellheim, syner han til rapporten som nyleg vart utarbeidd av direktøren for Oseana, Ole Tobias Lindeberg og styreleiar for Oseana, Gjert Atle Gundersen.

Som Søfteland skriv er rapporten bl.a tufta på erfaring og kunnskap frå dei åtte åra med drift av Oseana.

Sjølv om det i «mogelegheitsstudie» vert peika på at det er eit notat som foreløpig er ei grov tilnerming til spørsmålet, er det likevel verdt å sitera noko av innhaldet;

«Styret i Oseana KF håper likevel at notatet kan danne grunnlag for en prinsipiell kommunal vurdering av Fjellheim som en spennende fremtidig utvidelse av det kommunale kulturtilbud til et bredt spekter av ungdoms og amatøraktiviteter».

Politikarane bør verkeleg tenkja seg om, og ikkje gjera eit hastevedtak for å stoppa denne prosessen. Oppgradering av Fjellheim kan gjennomførast i fleire etapper og i løpet av fleire år.

På Voss fekk dei nytt kulturhus i 2010, og der er det no blitt partipolitisk semje om å nytta 30 mill til oppgradring av den gamle storstova Gamlekinoen over fleire år. I motsetning til Fjellheim, har Gamlekinoen vore i bruk heile tida, bl.a. under Vossajazz osb.

Fjellheim har stått avlåst utan varme eller lufting i 8 år

I innleiinga til Rambøll sin rapport står det:

«3.1 Om Fjellheim Oppdragsgiver opplyser at bygningen har stått ubrukt og uten oppvarming i en årrekke. Av Tilstandsrapporten fremgår det at bygget er i generelt dårlig forfatning og det er registrerte fuktskader og soppdannelse i bygget. Det påpekes at det vil være behov for renovering av store deler av bygningene.»

At bygget er i generelt dårleg forfatning er å overdrive, og eg trur takstmannen har blitt litt lurt av dei manglande opplysningane han burde hatt før han gjennomførte befaringa.

Sidan Ramboll har lagt tilstandsrapporten til grunn, har nokre av punkta i Rambollrapporten også truleg fått for dårleg karakter.

Ellers seier ansvarleg for Rambollrapporten at ei oppgradering av Fjellheim kan ein ta over fleire år, og likevel nytta bygget undervegs.

Det er mange gode grunnar til å bygga vidare på initiativet som direktøren og styreleiaren i Oseana har sparka i gang.

Tore Moberg

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.