Kvinne dømt for narkotika - for femte gong
Må sona fengsel etter funn av amfetamin og xanor.
I slutten av juni i fjor, i eit husvære i Bergen, blei ei kvinne frå Os tatt med narkotika.
Det blei funne 7,68 gram amfetamin og éin tablett xanor på kvinna ein tysdag morgon.
Kvinna, som er i 40-åra, møtte i retten og tilsto. Ho er straffa fire gongar tidlegare for brot på narkotikalovgjevnaden, sist i 2014.
Fekk rabatt, men må sona
Sikta forklarte at ho oppbevarte narkotikaen for eigen bruk, mengda var likevel så stor at den utgjorde ein spredningsfare, slik retten såg det.
Retten såg det òg som skjerpande at dette er femte gong kvinna blir straffa, men fann grunnlag for 15 til 20 prosent strafferabatt for den prosessøkonomiske gevinsten det gav at saka kunne behandlast som tilståelsesdom.
Påtalemakta kom med forslag om 26 dagar fengsel, kvinna blei dømt til 21 dagar utan vilkår.