Lokal | 02. juli 2017

Kvinne fekk forelegg på 8300 kroner

Feriepengane fekk bein å gå på då UP sto på Hegglandsdalsvegen med laser søndag kveld.

Kvinne fekk forelegg på 8300 kroner
Per Ivar Odden med kollegaer i UP hadde fartskontroll på Hegglandsdalsvegen i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 02. juli 2017 18:44

Søndag frå klokka 17.20 til 20.05 hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Hegglandsdalsvegen.

– Vi har stått ei stund, men det har lite trafikk, så eg vil seia at det har vore relativt mange som har køyrd for fort, fortel politibetjent Per Ivar Odden.

UP sto ved Borgafjell Barnehage og kontrollerte trafikken retning Os. Det er etter oppmoding frå Os lensmannskontor at dei kontrollerer trafikken nettopp på Hegglandsdalsvegen.

I alt var det 19 bilistar som blei målt og stoppa etter å ha køyrd for fort.

Lappen redda av tryggleiksmargin

Høgaste målte fart var 76 km/t, men då tryggleiksmarginen som blir brukt ved lasermåling (3 km/t) er trekt frå, fekk vedkomande behalda førarkortet.

Fartgrensa på staden er 50 km/t, og då er nettopp 76 km/t nok til å mista lappen.

Gratis var det likevel ikkje, forelegget er på 8300 kroner, i tillegg blei det tre prikkar på førarkortet til den kvinnelege bilisten.

Køyrde forbi - slapp unna

Av dei andre målte var det mange over 60 km/t. Ved 61 km/t får du forelegg på 3700 kroner, ved 66 km/t i 50-sona er forelegget oppe i 5350.

– Vi hadde ein som tok ei forbikøyring. Han såg oss truleg ikkje, og farten var høg, men forbikøyringa skjedde så tett på oss at vi ikkje fekk tatt måling, så han slapp unna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.