Lokal | 29. mars 2021

Kvinne i 60-åra tatt for tjuveri frå butikk

Blei avslørt av overvakingskamera.

Kvinne i 60-åra tatt for tjuveri frå butikk
Bjørnafjorden lensmnnskontor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. mars 2021 07:49

Politiet har i helga fått melding om fest i naust, snoking i nabolag, støy frå anleggsarbeid og tjuveri frå ein butikk.

– Laurdag i 16-tida fekk vi melding om tjuveri frå ein daglegvarebutikk nord for Os sentrum, fortel politibetjent Morten Haugland.

Mistenkte, ei kvinne i 60-åra, var gått frå staden, men blei kjent igjen på video tatt av overvakingskamera.

– Vi oppsøkte ho heime, og ho erkjente forholdet.

Snoking på Lekven

Søndag i 21.30-tida blei det observert ein person som gjekk og lyste inn i parkerte bilar i Lekvenmarka.

– Meldar skal sjølv ha skremt mannen vekk.

– Vi veit ikkje kva ærend vedkomande var i, men folk som bur i området må melda ifrå om noko er sakna frå hage eller garasje, og folk kan generelt vera flinke til å sikra tinga sine, spesielt om dei reiser vekk på påskeferie.

Sju høner drepne av hund

Laurdag kveld rykte politiet ut på melding om hund som hadde drepe fleire høner og hanar.

– I alt var det sju døde fuglar. Eigaren til fuglane hadde tatt kontroll på hunden.

– Vi kom i dialog med hundeeigar, som har fått hunden igjen. Det er oppretta sak, så får etterforsking visa kva konsekvensar hendinga fører til.

Støy frå fest og arbeid

Natt til søndag fekk politiet melding om fest i eit naust i Hagavik.

– Meldar skal ha uroa seg meir over smittevern enn støy, men patruljen var ikkje ute og sjekka.

Søndag i 11-tida var det ein meldar som fortalte om anleggsarbeid på ei tomt mellom Uno X og Hetleflåten. Vedkomande sa han sjølv ville kontakta kommunen og spørja kva reglar som gjeld for arbeid søndag formiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.