Kvinne i 89 km/t på skuleveg
UP reagerte då ei kvinne kom susande gjennom 50-sona forbi Lyssand-fabrikken.


UP har tatt beslag i to førarkort i Os.
Beslaga blei gjort etter snittmåling på Hegglandsdalsvegen.
– Vi kontrollerte trafikken på skulevegen på morgonen, medan ungane gjekk til skulen, fortel Leon Nordanger frå UP.
Ein kvinneleg bilførar blei målt til 89 km/t, ein mannleg bilførar blei målt til 78 km/t, begge i 50-sona.
Kontrollen blei utført ved Lyssand-fabrikken, der det framleis ikkje har kome gang- og sykkelveg.
Fleire forelegg fredag
Tysdag i førre veke mista ein annan bilførar lappen, også då etter snittmåling av UP på morgonkvisten.
UP var også i Os fredag.
– Fredag sto vi først på Søfteland, der tre fekk 1300 i forelegg for bruk av mobil og éin blei tatt utan bilbelte, noko som kostar 1500 kroner.
Etterpå sto UP i Os sentrum, der dei tok tre utan bilbelte og to med mobiltelefon i handa.