Lokal | 19. mars 2020

Kvinne i risikogruppa testa positivt for korona

Første konstaterte smitta i Bjørnafjorden på fem dagar.

Kvinne i risikogruppa testa positivt for korona
På testsenteret i Kolskogheiane blir det testa 30-40 personar for dagen. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 19. mars 2020 20:33

Bjørnafjorden kommune melder i dag at ei kvinne i kommunen er konstatert smitta av koronaviruset (covid 19).

Vedkomande er i 40-åra. Ho blei testa fordi ho tilhøyrer ei risikogruppe, men er ikkje alvorleg sjuk.

– Smittevegen er ukjent, men ho har gitt oss god oversikt over bevegelsesmønsteret sitt, og personane ho og familien har vore i kontakt med er varsla, seier smittevernlege i Bjørnafjorden kommune, Bjørn Petter Johannesen.

Etter retningslinjer frå nasjonale helsemyndigheiter er det ikkje alle som no blir testa, sjølv om dei har symptom. Berre personar i risikogrupper eller utvalte yrker får testa seg.

4 i kommunen - 1786 på landsbasis

Det er no fire personar i Bjørnafjorden kommune som har testa positivt for koronaviruset. Dei tre andre er menn, éin av dei i 30-åra, dei to andre i 40-åra.

Førre stadfesta smitte var 14. mars.

Ifølgje VG sin oversikt er det i skrivande stund 1.786 konstaterte smitta i Noreg. 104 av desse er innlagt på sjukehus, 7 er døde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.